TO MÅNADER: Reinsbukkar i Nordfjella villreinsområde som kjem innanfor ei sone på to kilometer frå rv. 52 lever farleg frå 17. april til 15. juni. Illustrasjonsfoto
TO MÅNADER: Reinsbukkar i Nordfjella villreinsområde som kjem innanfor ei sone på to kilometer frå rv. 52 lever farleg frå 17. april til 15. juni. Illustrasjonsfoto (Foto: SNO-Aurland - rovviltseksjonen)

Skal ta ut bukk som nærmar seg rv. 52

Miljødirektoratet har bestemt at Statens Naturoppsyn får ta ut bukk i Nordfjella villreinområde i ei sone på to kilometer rundt riksveg 52.

Lærdal: - Grunnen til at Miljødirektoratet gjer dette vedtaket er for å kunne ta ut bukk som byrjar å trykkja ned mot riksveg 52 og hindra at dei kryssar vegen. Dessutan er det slik at salting på vegen trekkjer til seg dyr, seier leiar i villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen, Lars Nesse.

Miljødirektoratet har sendt ut vedtak datert 7. april 2017 med følgjande punkt:

  1. "Fellingen kan kun foregå langs rv 52, og maksimalt 2 km fra vegen.
  2. Miljødirektoratet v/Statens naturoppsyn (SNO) er ansvarlig for gjennomføringen av fellingen, som gjennomføres i samsvar med fastsatt instruks for det statlige fellingslaget ved uttak av vilt, og i samsvar med instruks for oppfølging av skrantesjuke med vedlegg.
  3. Statens naturoppsyn kan bemyndige andre til å gjennomføre felling.
  4.  Vedtaket gjelder i perioden 17. april til 15. juni 2017"

- I utgangspunktet friske dyr

Bakgrunnen for vedtaket er frykt for at skrantesjuka kan spreia seg med dyr som krysser rv. 52 og inn i tamreinsbestanden nord for rv. 52.

"I tilknytning til det påbegynte arbeidet med å bekjempe sykdommen skrantesjuke, mener Miljødirektoratet det er hensiktsmessig at slike dyr kan tas ut ved felling, framfor å bruke ressurser på å hindre disse fra å krysse vegen.

Som et ledd i det forebyggende arbeidet, samt at et totaluttak planlegges fra høsten 2017, mener Miljødirektoratet at det er hensiktsmessig at disse dyra felles", heiter det i vedtaket.

Det vart også i januar gitt løyve til å ta ut villrein i same sona, men då var det berre rein med symptom på skrantesjuke som kunne takast ut, og det var Filefjell tamreinlag som fekk løyvet.

Les også: Denne bukken har symptom som er typisk for skrantesjuke

No er det altså SNO som får oppdrag i å ta ut bukk i denne sona, og det treng ikkje vera teikn til skrantesjuke for at bukk kan takast ut i perioden 17. april til 15. juni.

​"I utgangspunktet vil dette være friske dyr, og skal derfor behandles med tanke på ivaretakelse av kjøttressursen. Felte dyr vommes ut på stedet, og dyrene fraktes til avtalt oppsamlingssted i samråd med Mattilsynet, som vil forestå prøvetaking og besiktigelse av slaktene.

Dyr som godkjennes til bruk for menneskelig konsum kan omsettes til inntekt for det kommunale viltfondet i Lærdal kommune", heiter det vidare i vedtaket.

I området på sørsida av rv. 52 er det vanleg at større og mindre bukkeflokkar trekkjer frå høgareliggjande områder i Nordfjella villreinområde og ned mot rv 52.

"Dette er vanlig forekommende på våren, og kan innebære en risiko for at de kan komme til å krysse vegen og inn i beiteområdene til Filefjell tamreinlag", står det vidare i vedtaket, som er endeleg og ikkje kan påklagast.

Til toppen