ANALYSE: Fjelloppsyn Håkon Øydvin (t.v.) og tidlegare veterinær Kåre Rudningen, også med bakgrunn frå Mattilsynet, tek ut prøvar av reinshovud som skal testast for CWD. Slik testing skal også gjerast på hjort som blir felt første del av hjortejakta. Foto: Knut Fredrik Øy
ANALYSE: Fjelloppsyn Håkon Øydvin (t.v.) og tidlegare veterinær Kåre Rudningen, også med bakgrunn frå Mattilsynet, tek ut prøvar av reinshovud som skal testast for CWD. Slik testing skal også gjerast på hjort som blir felt første del av hjortejakta. Foto: Knut Fredrik Øy (Foto: Knut Fredrik Øi)

Skal testa hjortehovud for CWD

I samband med utbrotet av den frykta sjukdommen  på rein må også hjorte- og elgjegerane senda inn hovuda frå jakta. 

Årdal/Lærdal/Aurland/Luster: For å kartleggja eventuell førekomst av sjukdommen CWD i Noreg skal det samlast inn hovud frå hjort og elg skotne i Lærdal, Årdal og Aurland går det fram av eit skriv frå Felles landbrukskontor for dei tre kommunane. 

Les også: Dødeleg sjukdom påvist hjå norsk villrein

Les også: Amerikanske forskarar: Bekymra over CWD-utbrotet

Hovud frå alle hjortar skotne i løpet av dei første fem vekene av jakta skal samlast inn, det vil seia hjortar skotne frå og med jaktstart 1.september til og med 6.oktober. Unntaket er kalvar som blir felte, hovuda av desse skal ikkje samlast inn.

Også elghovud skal sendast inn

– Grunnen til at hovuda frå kalvane ikkje skal inn er at ein ser det som usannsynleg å kunne påvisa smitte på kalv. Sjølv om kalvane kan vera eksponerte for smittestoff tek det lang tid før eventuell smitte vil gje utslag i analysane, seier viltforvaltar Knut Fredrik Øi. 

Les også: – Liten risiko for at menneske blir smitta av hjortesjukdom

Les også: Saltstein kan vera smittekjelder

Også hovuda av elg som blir skotne i kommunane må jegerane senda inn, men dette gjeld berre første veka av jakta - frå 10. september til 17. september.

Kjeveinnsamling for analyse av fluorskader

I tillegg må hjorte- og elgjegerane i Årdal, Lærdal og nokre vald i Luster senda inn kjevar av felte dyr, dette gjeld heile jakta og også kalv. Hjorte- og elgjegerar i Aurland skal ikkje senda inn kjevar.

Bakgrunnen for kjeveinnsamlinga er ei kartlegging av eventuelle fluorskader frå utslepp ved Hydro i Årdal. Det er Hydro sjølv som står bak denne kartlegginga.

– Det vart gjort analysar av fluorskadar på 80- og 90-talet også. I 2013 køyrde ein nye testingar og fann fluorskader på om lag same nivå som ved analysane førre gong. Hydro måtte då søkja om å få dispensasjon frå maksimale tillatne fluorutslepp, og eit vilkår for å få dispensasjonen var at dei sette i gong eit pilotprosjekt i 2015 og 2016 med kjeveinnsamling av skotne hjortar og elgar. Dette kan bli gjort permanent, avhengig av testresultata i pilotprosjektet, forklarar Øi. 

Vidare går det fram av skrivet frå landbrukskontoret som er sendt til alle valdansvarlege i Lærdal at kjevane frå hovud samla inn til CWD-analyse, ikkje skal fjernast frå hovuda. Det blir også oppmoda om at jegerar og folk elles som måtte observera sjuke, skadde eller daude hjortevilt melder frå til kommunen. 

Til toppen