SKAL PÅ PLASS: Seksjonane som skal monterast opp denne veka er på plass ved dampskipkaien i Sogndal. Foto: Øyvind Nondal
SKAL PÅ PLASS: Seksjonane som skal monterast opp denne veka er på plass ved dampskipkaien i Sogndal. Foto: Øyvind Nondal

Skal unngå rushtrafikken når vegen stengjer

Prosjektleiar Gunnar Solbakken fortel dei ikkje veit akkurat når og kor lenge Loftesnesbrui blir stengt onsdag, men at det blir midt på dagen ei gong.

Sogndal: - Det er krevjande fordi dette ikkje er noko rutineoppdrag. Difor blir det vanskeleg å berekna stenginga nøyaktig, seier Gunnar Solbakken, prosjektleiar i Statens Vegvesen.

Ein seksjon skal på plass på kaupangersida tysdag og ein på sogndalsida onsdag. Tysdag er det ikkje behov for å stenga rv. 5 over den noverande brua, men onsdag blir det stenging i inntil to timar for å ha tilstrekkjeleg tryggleikssone til arbeidet.

Må sjå an arbeidet tysdag

Solbakken fortel stenginga kan bli i inntil to timar og midt på dagen ei gong, men kan ikkje vera meir nøyaktig enn det førebels

- Det blir ikkje i morgonrushet fram til klokka 9 og ikkje frå klokka 15 og utover i ettermiddagsrushet. Så ein eller annan gong midt på dagen.

Bilistar som vil ha mest mogleg nøyaktig info om tidspunkt for stenginga bør følgja med på infoen som blir gitt tysdag.

- Ettersom me skal gjera tilsvarande oppgåver då som ikkje medfører stenging ser me betre korleis dette arbeidet blir og kan tilpassa oppstarten deretter. Så me vil informera breitt tysdag.

Såleis får bilistar meir nøyaktig info på vegvesen.no, prosjektet si nettside og gjennom media i løpet av tysdagen.

Til toppen