PRØVEPROSJEKT: I Alta over Skillefjorden har Vegvesenet montert ein slik gassdetonator som kan sprenge ned farleg snø før det går ras, og på denne måten utløyse snøskred i kontrollerte former. Foto: Statens vegvesen.
PRØVEPROSJEKT: I Alta over Skillefjorden har Vegvesenet montert ein slik gassdetonator som kan sprenge ned farleg snø før det går ras, og på denne måten utløyse snøskred i kontrollerte former. Foto: Statens vegvesen.

Skal utløyse kontrollerte snøskred mellom Tyin og Årdal

Fylkesveg 53 blir den første strekninga der dette vert prøvd ut i stor skala i Noreg. 

Tyin: Målet med dette er å hindre ulykker ved å utløysa kontrollerte snøskred. Det er Statens vegvesen som leiar dette prosjektet, og som no ber om anbod frå leverandørar, skriv fagbladet Våre veger.

Utstyret som må til for løyse ut skreda skal plasserast på 13 stader langs fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal. 

Kontrollert utløysing av snøskred har blitt gjennomført i fleire land, mellom anna ved alpinanlegg i Mellom-Europa, men i Noreg er dette noko nytt.

– Dette er første gongen me går ut på marknaden og ber om pris. Tidlegare har me igangsett to forskings- og utviklingsprosjekt, seier geolog Njål Farestveit i Statens vegvesen til Våre veger.

– Det eine er på fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal. Det blei gjennomført i perioden 2010 til 2012. Her nyttar me oss av eit system utvikla av Wyssen i Sveits.

Gassdetonator

Dette systemet består av master med ei høgd på minst åtte meter. På kvar mast er det montert eit magasin med tolv ladningar med fem kilo sprengstoff i kvar. Desse ladningane kan fjernutløysast enkeltvis, forklarar han.

– Det andre prosjektet blir no gjennomført ved fylkesveg 883 i Alta. Her har me brukt eit system som er utvikla av Gazex. Det er pasert på røyr som er montert i fjellsida. Frå røyret går ein slange til eit gasslager. Ved fjernutløysing kan ein få propan og oksygen til å blanda seg i røyret. Det fører til ein eksplosjon som utløyser snøskred. Frå kvart gasslager kan det gå slangar til fleire røyr, seier han.

Utstyret skal monterast på fylkesveg 53 før neste vinter, er planen. 

Til toppen