DISKUTERTE: Rektor Aksel Hugo (t.v.) og lektor Jorun Barane er svært glade for å få hjelp av Noregs einaste professor i økologisk økonomi, Ove Jakobsen, til å utvikla faget Næringsdrift. Foto: Ole Ramshus Sælthun
DISKUTERTE: Rektor Aksel Hugo (t.v.) og lektor Jorun Barane er svært glade for å få hjelp av Noregs einaste professor i økologisk økonomi, Ove Jakobsen, til å utvikla faget Næringsdrift. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Skal utvikla undervisningstilbodet med unik professorhjelp

Noregs einaste professor i økologisk økonomi var på vitjing på Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Aurland: – Korleis utvikla lokal økonomi på lokale ressursar? Og det handlar ikkje berre om økonomi i seg sjølv, men korleis skapa eit godt liv, seier professor i økologisk økonomi, Ove Jakobsen, frå Nord universitet. 

Jakobsen er Noregs einaste professor på dette fagfeltet i landet. Onsdag var han på vitjing på Sogn Jord- og Hagebruksskule. 

Først var Jakobsen med i ein undervisningstime i faget Næringsdrift på Vg3. Deretter diskuterte han med lærarane i same fag korleis ein kunne utvikla undervisningstilbodet vidare. Og på kvelden heldt professoren eit føredrag med tittelen «Handlar økonomi om meir enn pengar?» på Marianne Bakeri og Kafe.

Artikkelen held fram under biletet

FØREDRAG: «Handlar økonomi om meir enn pengar?» var tittelen på føredraget professor Jakobsen heldt på Marianne Bakeri og Kafe denne veka.
FØREDRAG: «Handlar økonomi om meir enn pengar?» var tittelen på føredraget professor Jakobsen heldt på Marianne Bakeri og Kafe denne veka.

– Handlar om å sjå ressursane i samfunnet og analysera kva verdi dei har

Porten.no var med på deler av samtalen Jakobsen hadde med lærarane i Næringsdrift.

– Dette er eit fag som handlar om økologisk entreprenørskap - som går ut på korleis ein skal ta økologisk landbruk som hovudfag eit skritt vidare. Korleis skapa bêrekraftige føretak, foredling og tenester, forklarar rektor ved skulen, Aksel Hugo.

I dette faget er det ein fellesdel, og så kan elevane velja om dei vil fordjupa seg i lokal foredling eller garden som ressurs. Lærarar ved skulen har skrive eiga lærebok i utvikling av lokale læreplanar, med lektor Jorun Barane som hovudforfattar. Og læreplanen i faget næringsdrift er gjort lokal:

– Nøkkjelspørsmålet i faget er å sjå ressursar i lokalmiljøet og analysera kva verdiar dei har, seier Barane, som har arrangert møtet med professor Jakobsen.

Til dømes har nokre av elevane i faget skrive ei oppgåve om korleis ein kan utvikla epler dyrka i Aurland som produkt, og dra vekslar på lokale ressursar, som kjølelageret i kommunen.  

– Den vesle oppgåva viser den store samanhengen, seier rektor Hugo.

Les også: Skal laga sin eigen festmiddag til 100-årsjubileumet

Les også: Jari kan boltra seg på flunkande nytt kjøken

Artikkelen held fram under biletet

GODT OPPMØTE: Om lag femti tilhøyrarar var til stades under professorføredraget.
GODT OPPMØTE: Om lag femti tilhøyrarar var til stades under professorføredraget.

– Økonomien blir det einaste målet, avsondra frå naturen

Og den store samanhengen er korleis økologi og økonomi heng saman. I følgje professor Jakobsen handlar det om at større økologisk fokus kan skapa ein ny og vesentleg meir sunn økonomi enn den som rår i dag. 

– Problemet i dag er at økonomien er altfor stor. Ein veit ikkje kvar produkt kjem frå, kven som eigentleg eig verksemdene eller korleis pengane går. Det gjer at ein kjem i konflikt med naturen fordi eigarane og leiarane ikkje har noko forhold til områda der produkta kjem frå. Økonomien blir det einaste målet, avsondra frå naturen.

Vitskapen innan økologisk økonomi går på tvers av fag, mellom samfunnsvitarar, økonomar og naturvitarar, til dømes - dessutan er praksis og erfaring viktig i denne tankegangen. Ein slik tverrfagleg innfallsvinkel vil gje ein større heilskap -  i høve dagens økonomi, som altså er fragmentert og uoverskodeleg, i følgje Jakobsen.

Kunnskapen her blir gjerne formidla med kunstneriske uttrykk - som musikk og dans.

– Då brukar ein heile mennesket, ikkje berre den rasjonelle delen. Og det er viktig å bruka heile mennesket, seier Jakobsen.

– Store utfordringar krev store tankar

Ei omfattande endring frå ein mekanisk til ein organisk økonomi må koma nedanfrå, frå grasrota - som alle skiftingar i historia har gjort. Jakobsen vil ikkje kalla det revolusjon, men evolusjon.

– Motkreftene seier at dette er urealistisk, først og fremst fordi økonomien og systemet i dag er så inngrodd at det nærast er umogleg å endra på. Eg er av optimistane som meiner dette er fullt mogleg.

– Det er relativt store tankar ein snakkar om her? 

– Det er store utfordringar, og då krevst store tankar. Det betyr ikkje at det ikkje er terrenggåande. Utfordringa i fagfeltet økologisk entreprenørskap er å balansera mellom realitet og idealisme, seier Aksel Hugo.

Jakobsen ser meir eller mindre føre seg at «økotankegangen» bør nyttast i alle strukturar; at noko som er «output» ein plass blir «input» ein annan plass. Som at møkk frå husdyr i neste omgang blir gjødsel for vekster framfor kunstgjødsel.

– Me snakkar om eit krinslaupssamfunn, og å utvikla næringar innanfor ein slik tankegang.

Les også: Livlege kje og sart mekring i geitefjøsen

Transport av frukt, bær og grønsaker som døme

– Korleis skal ein få desse store tankane inn i eit praktisk fag på Sogn Jord- og Hagebruksskule?

– Det er dette me skal diskutera i dag. Men ein kan sjå på transport som døme. Det viser seg veldig vanskeleg å distribuera til dømes frukt, bær og grønsaker frå Lærdal direkte til nærområdet. Produkta må over fjellet til eit sentrallager og pakkast der, og så tilbake over fjellet ei andre gong for å ut til kundane, seier rektor Hugo.

Poenget er altså at ved å halda infrastrukturen og økonomien lokal vil prosessane i mindre grad gå på bekostning av naturen.

– Her er me i dialog med Lærdal Grønt om eit mogleg prosjekt, held han fram.

Lektor Barane fortel at elevane som tek faget også skal læra av andre i lokalsamfunnet, som har lukkast med økologisk entreprenørskap - folk som er i ferd med å skapa økonomi og eit godt liv ut av lokale ressursar.

– Marianne Bakeri og Kafe er eit godt døme her.

Til toppen