FØREGANG: Yngve Hallén understreka det var skummelt å trekkja fram eit einskilddøme, men gjorde det likevel og framheva vidare at Lærdal Grønt har fått til så mykje på særskild samhald, men også marknadsføring, at det bidreg til godt omdøme for heile kommunen. Foto: Ole Ramshus Sælthun
FØREGANG: Yngve Hallén understreka det var skummelt å trekkja fram eit einskilddøme, men gjorde det likevel og framheva vidare at Lærdal Grønt har fått til så mykje på særskild samhald, men også marknadsføring, at det bidreg til godt omdøme for heile kommunen. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Skal vera lov å vera litt sprø

Lokale næringslivsaktørar skulle inspirerast til å "tataki" Lærdal under seminarkafé.

Lærdal: – Sogndal fotball har ein dedikert person som jobbar med omdømebygging, Rasmus Mo. Han var i Lofoten for nokre år sidan for å halda føredrag i samband med at dei jobba med satsing på turisme der. Han kom i prat med ei eldre dame på ein kafé som dreiv med utleige. Rasmus spurde henne korleis det gjekk. "Rætt til hælvæte", sa ho. "Det var no seigt", sa Rasmus. "De e ikke så nøye, førr det går rætt til hælvæte med naboen også."

Det var ein av småhistoriene styreleiar i Lærdal Næringsutvikling (LNU), Yngve Hallén, serverte deltakarane på "tataki"-kafeen. 

FULLT: Stort sett alle stolane som var sett ut i foajeen på Kunstsenteret var i bruk under "tataki"-kafeen.
FULLT: Stort sett alle stolane som var sett ut i foajeen på Kunstsenteret var i bruk under "tataki"-kafeen.

Foajeen på Kunstsenteret var nesten fullsett tysdag kveld. LNU hadde invitert alle leiarane i næringslivet i Lærdal til opplegget beståande av innleiande føredrag og etterpå gruppedrøftingar. Leiarar i alt frå daglegvarehandel, byggeverksemder til landbruk var til stades.

– Utviklingskultur som varar i framtida

Dagleg leiar i LNU, Arve Tokvam, forklarar målet er å etablera ein utviklingskultur som varar vidare også når midlane Lærdal har fått i kraft av å vera omstillingskommune er brukte opp.

– Me jobbar for å få fram noko som kan leva vidare etter at me er ferdige med arbeidet vårt om eit par år. Klarar me ikkje å få etablert ein utviklingskultur som varar inn i framtida er eigentleg arbeidet vårt fånyttes.

– De vil få skapt noko som skal erstatta dykk sjølv?

– Kanskje ikkje heilt, men i alle fall ein bevisst tenkning rundt korleis næringslivet i bygda skal drivast. Få sett i gang nokre tankeprosessar og få tilbakemeldingar om kvar skoen trykkjer. 

Den første delen av "tataki"-kafeen bestod av føredrag og i andre del skulle deltakarane drøfta kva behov dei har som LNU kan hjelpa til med.

– Me vil altså få kartlagd tiltak som kan vera aktuelt å setja inn.

"Samhandling og leiarskap" var etiketten for føredraget frå Yngve Hallén. Medan han altså drog fram eksempelet frå Lofoten for å syna kva som ikkje skapar samhandling, fanst det eksempel på det motsette i foajeen på Kunstsenteret.

– Historia til Lærdal Grønt er fantastisk, 42 aktørar har løfta dette i lag. Alle hugsar tida då ein ikkje kunne samarbeida om ein traktor. Her har "høvdingar" gått føre og skapt tillit, av og til trengst det. Dette løftar også omdømet vårt.

Spøk vart til den kjende rosa tredjedrakta

Omdøme var det andre nøkkjelordet for kvelden. Prosjektleiar i LNU med bakgrunn frå Lerum, Jan Petter Vadheim, forklarde på sitt vis:

– Lerumtrailarane har eigne reglar for korleis dei skal oppføra seg - køyra ut av køen etter å ha teke ferga, ikkje skapa lange køar over fjellet. Tanken er at den som køyrer etter ein lerumbil mil etter mil ikkje kjem til å kjøpa lerumprodukt lenger.

Artikkelen held fram under biletet

OMDØME: Prosjektleiar i LNU, Jan Petter Vadheim, via mykje tid til omdøme- og marknadsføringsarbeidet i Lerum, der han jobba i 25 år.
OMDØME: Prosjektleiar i LNU, Jan Petter Vadheim, via mykje tid til omdøme- og marknadsføringsarbeidet i Lerum, der han jobba i 25 år.

Eit tredje mykje omsnakka tema var marknadsføring. Å finna eller gjera noko som skil ein ut var poenget til Vadheim då han snakka om korleis Lerum i marknadsføringa fokuserte tungt på historie og kultur ettersom verksemda har over hundre års erfaring - mykje meir enn konkurrentane.

Hallén fortalde om tredjedrakta til Sogndal for å illustrera poenget:

– Eg sa til Håvard Flo at dei skulle tenkja på å designa ei tredjedrakt som small litt. Ei stund seinare kom han tilbake og sa dei hadde gjort det. Frå mi side var det eigentleg meint som ein spøk, men slik blei altså den rosa drakta til. Den fekk omtale i alt frå danske til amerikanske medie, og eit medie drog også fram ein ekspert som uttalte at drakta førde til at motstandarden gjerne undervurderte laget litt ekstra. Det skal vera lov å vera litt sprø når ein jobbar med slikt.

– Om du driv ein pølsebod må du ha gått omdøme for å selgja pølser

Hallén og Vadheim med bakgrunn frå store, kjende verksemder har altså begge hamna i LNU. Hallén forklarar han har eit spesielt forhold til Lærdal.

– Det har alltid vore ei open dør herifrå til resten av regionen. Eg trur det har litt med plasseringa å gjera, samt litt med historien som viktig handelssentrum og seinare sjukehuset der folk frå ulike deler av landet og verda har kome for å jobba.

– De kjem frå store verksemder med mange tilsette og ressursar til å tenkja strategi i arbeidet. Kor lett er det for leiarar i relativt små verksemder - som er her i dag - å nytta seg av?  

– Dei som er her har veldig ulike behov, men skal no i neste fase diskutera kva desse behova er. Føredraga våre var med tanke på å danna eit bakteppe. Men inspirasjon frå dei beste er alltid ein god plass å byrja - sjå til dømes kva andre har lærd av Google og Apple, seier Hallén.

– Om du driv ein pølsebod må du ha gått omdøme for å selgja pølser. Om du jobbar i avis må avisa ha godt omdøme for at folk skal lesa den, seier Vadheim. 

– Klarar leiarar i såpass ulike verksemder som det er her i dag å få noko ut av drøftingar med kvarandre, Arve Tokvam?

– På den eine sida kan det synleggjera ulikskapar, på andre sida kan utfordringar som gjeld alle eller mange kom fram. Så legg me opp arbeidet vårt vidare - deira behov styrer og å få fram desse behova er poenget her i dag.

Til toppen