Sogndal: Det opplyser banken i ei pressemelding. Dette er første gongen ein bank i Sogn arrangerer eit slikt seminar og at nettverksgruppa til Norges Bank har seminar her.
I samband med besøket vil det bli halde eit seminar der Visesentralbanksjef Jon Nicolaisen held føredraget «Pengepolitikken før og nå», og Deputy Chief Executive Officer i Norges Bank Investment Management Trond Grande held føredraget «Statens pensjonsfond utland».
I høve besøket vert fleire lokale bedrifter invitert til å fortelje om seg sjølve under seminaret. Bedriftene kjem frå heile Sogn. Dei seks er Quality Hotel Sogndal, Highsoft, Rocketfarm AS, Digital Etikett AS, RBIS Avery Dennison NTP AS og Norsun.
– Det er ei stor ære for Indre Sogn Sparebank å vera vertskap for besøket. Noregs Bank legg vekt på å møta næringslivet i Sogn, og banken håpar difor at flest muleg av dei inviterte har høve å delta på seminaret, seier assisterande banksjef Karin Vikane.
Etter seminaret skal Norges Bank vitja og få informasjon om dei to store bedriftene på Kaupanger, Lerum AS og Jatak AS.