Skal vurder alternative modellar til  ambulanseplanen i Lavik
(Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

Skal vurder alternative modellar til  ambulanseplanen i Lavik

Dei mange innspela viser at dette er eit område som betyr mykje for innbyggjarane, meiner administrerande direktør i Helse Førde Arve Varden.

Ytre Sogn: Styret i Helse Førde har vedteke at endringane som gjeld ambulansestasjonen i Lavik skal greiast ut vidare, skriv Helse Førde i ei pressemelding. 

I Lavik skal det vurderast alternative modellar til døgnambulansen som er der i dag. 

Stort engasjement

Frå styret blei det gitt ros for at føretaket har arbeidd fram ein svært grundig plan.

– Det har vore gjort eit førebiletleg arbeid, seier styreleiar i Helse Førde Agnes Landstad i pressemeldinga.

Det har heile vegen vore stort engasjement rundt ambulanseplanen. Det kom innspel frå meir enn 50 høyringsinstansar, og innspela utgjer eit dokument på meir enn 160 sider.  

– Dei mange innspela viser at dette er eit område som betyr mykje for innbyggjarane. Det er eit engasjement vi skal vere glade for, meiner administrerande direktør Arve Varden.

Møtt motstand

Det opphavelege forslaget om å legge ned døgnambulansen i Lavik møtte aller sterkaste motstanden i høyringsrunden, særleg frå ytre delar av Sogn og Sunnfjord. Men styret har no slått fast at ein skal ytterlegare greie ut endringane og vurdere alternative modellar, skriv dei.

Løysingen for Lavik og andre skal tilbake som sak i styret. No startar arbeidet med å utarbeide ein eigen innføringsplan. Styret var oppteken av at det ikkje må setjast i verk kostnadsdrivande endringar før det er fatta vedtak om Lavik, Ytre Bremanger og Hornindal. Planen skal jamleg evaluerast saman med utviklingsplanen for Helse Førde. 

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen