NEDLAGT: Kommunsetyret i Lærdal vedtok nedlegging av Ljøsne skule med minst moglege margin for ein månad sidan. I dag skal dei vurdera lovlegheita av eige vedtak. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun
NEDLAGT: Kommunsetyret i Lærdal vedtok nedlegging av Ljøsne skule med minst moglege margin for ein månad sidan. I dag skal dei vurdera lovlegheita av eige vedtak. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun

Skal vurdera lovlegheita av eige vedtak

3.vara i Senterpartiet Torhild Tørvi møter for Britt Sanden når lovlegheita av vedtaket om nedlegginga av Ljøsne skule skal vurderast av kommunestyret sjølv i dag

Lærdal: – Britt Sanden er på ferie så tredjevara Torhild Tørvi møter for henne, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Då Ljøsne skule vart vedteken nedlagt av kommunestyret i Lærdal med ni mot åtte stemmer 20.oktober var Britt Sanden den einaste frå Senterpartiet som stemte for nedlegging.

Les også: – Frykteleg lei meg for eg ikkje klarde å redda skulen vår

I etterkant har FAU ved Ljøsne skule skrive eit krav om lovglegkontroll av vedtaket som er underskriva av tre kommunestyrerepresentantar. Eit moment her er at ny samfunnsdel i kommuneplanen måtte ut på ny høyringsrunde fordi Fylkesmannen fann ei rekkje innvendingar mot planen som først vart utarbeidd. 

Les også: Siste ord ikkje sagt om Ljøsne skule

Les også: – Politikarane stemte for å legge ned skulen - no får dei saka i retur

Tre moglege utfall

I den gjeldande kommuneplanen står det at skulestrukturen med tre skular skal stå uendra. Spørsmålet då er om det finst tungvegande argument nok til å leggja ned ein skule og såleis gå mot ein plan som ligg på eit nivå høgare enn skulebruksplanen.

Ordførar Solheim fortel tre ting no kan skje.

– Kommunestyret kan seia at vedtaket var lovleg. Kommunestyret kan seia at me skal senda kravet om lovlegkontroll til Fylkesmannen dersom rådmannen går med på det. Eller kommunestyret kan seia at vedtaket var ulovleg.

Skulle heile Sp-gruppa pluss SV sinn representant finna vedtaket ulovleg underkjenner sitt eige vedtak. Då er det to moglege utfall. Det eine at kommunestyret gjer om sitt eige vedtak om nedlegging, det vil i praksis seia oppretthalda Ljøsne skule. Eller ta ein ny runde med heile saka.

– Viser kor vanskeleg det er

– Det er litt av ei øving, då må me ha ny utgreiing. Verken rådmannen eller politikarane i Lærdal er juristar Rådmannen viser til lover og reglar, det same gjer FAU i kravet om lovlegkontroll, så spørst det kven som har rett. Kven er betre eigna til å vurdera det enn Fylkesmannen? spør Solheim.

Han tykkjer også dette seier noko om vedtaket som vart gjort i utgangspunktet.

– Det viser kor vanskeleg det er når me får eit ni-åtte-fleirta - det kjem an på kven som møter. Vidare seier det noko om kor tilfeldig det er at Ljøsne skule vart vedteke nedlagt.

– Kan du seia noko om korleis Sp-gruppa vil stemma i denne saka?

– Me har ikkje konkludert på det så utgangen er vanskeleg å førutsjå. 

Til toppen