SKÅL: Arkeologar har den siste veka grave etter historiske spor på Ylvisåker i Sogndal. Funn av ein 3000 år gamal busetnad vart feira med heimelaga eplejus frå garden. Bonde Arvid Slinde (nummer to frå venstre) skålar i heimelaga eplejus med arkeologane Søren Diinhoff, Cecila Falkendal og Jonathan Nilsson frå universitetsmuseet i Bergen. (Foto: Privat, Svein Jarle Slinde)
SKÅL: Arkeologar har den siste veka grave etter historiske spor på Ylvisåker i Sogndal. Funn av ein 3000 år gamal busetnad vart feira med heimelaga eplejus frå garden. Bonde Arvid Slinde (nummer to frå venstre) skålar i heimelaga eplejus med arkeologane Søren Diinhoff, Cecila Falkendal og Jonathan Nilsson frå universitetsmuseet i Bergen. (Foto: Privat, Svein Jarle Slinde)

Skåla med eplejus etter funn av 3000 år gamal buplass

Utgravingar viser at jorda på Ylvisåker i Sogndal har blitt dyrka i fleire tusen år. – Me får berre driva på eit par generasjonar til, tenkjer eg, seier fruktbonde Svein Jarle Slinde.

Sogndal: På Ylvisåker, nokre minutts køyring frå Sogndal sentrum, har arkeologar funne ein 3000 år gamal buplass og eit båtnaust nede ved fjorden.

Mørke spor i jorda fortel at ein plog blei trekt gjennom torva her for tusenvis av år sidan.

– Me har valt å kalle han Ur-Ylvis, seier fruktbonde Svein-Jarle Slinde om den historiske forgjengaren som no blir avdekt.

Les også: Sensasjonelt funn av historiske kart over Kongevegen

NITIDIG ARBEID: Arkeologane vil halde på med utgravingane i heile juni. No grev dei på to plassar på Ylvisåker. Det eine området ligg nede ved fjorden, det du ser på biletet ligg rett ved riksvegen.
NITIDIG ARBEID: Arkeologane vil halde på med utgravingane i heile juni. No grev dei på to plassar på Ylvisåker. Det eine området ligg nede ved fjorden, det du ser på biletet ligg rett ved riksvegen.

Del av større puslespel

Utgravingane skjer i samband med den planlagde byggjinga av ein ny gang- og sykkelveg mellom Fardal og Ylvisåker. 

Blant arkeologane er Søren Diinhoff, forskar ved Universitetsmuseet i Bergen. Han seier utgravingane ikkje er betydningsfulle kvar for seg, men at kvart funn er ei brikke i eit større puslespel. 

– Sogndal er ein av dei plassane der vi har gravd mest. Sakte og stille vil slike funn få stor betydning for korleis vi forstår historia. Først når vi får sett alt i samanheng, kan vi byrje å seie noko om kor tett folk har budd, kor mange dei har vore, kva økonomien var tufta på. Då byrjar det å bli verkeleg interessant, seier han.

Fann sjeldant båtnaust

Det er lett å tenkje at livet til dei førhistoriske menneska må ha vore ein kamp. Men det treng ikkje vere tilfelle, seier Diinhoff. 

– Der det er god jord, der har det alltid vore godt å bu. I allefall på dei større gardane. Sjølvsagt har det vore sjukdom og dårlege tider, men stort sett har dei levd godt. Eg trur òg livet på Ylvisåker har vore eit utmerka tilvere. Du kan dyrke jorda, fiske i fjorden og jakte på vilt i fjellet. Så her har dei hatt det fint, seier Diinhoff. 

Les også: Reiste på skattejakt og fant gullet 

Spora etter eit gamalt båtnaust er noko av det meir uvanlege dei har oppdaga. Slike er det funne mange av både sør og nord i landet, men ikkje i Sogn og Fjordane.

– Vi har har undra oss over kvifor. Vi trur det er fordi dei er bygd på ein annan måte og difor ikkje så lette å sjå i terrenget. Det er noko vi har byrja å finne ut av no. Det er eit veldig interessant funn som gjer at vi kan sjå korleis nausta såg ut i dette området. Det er noko vi har mangla, seier Diinhoff. 

– Spiste epler i stor stil

Arkeologane har halde på ei veke og har enno tre veker att til dei er ferdige. Stort sett har dei jobba i steikande sol. Då er det ekstra stas å bli påspandert eit glas heimelaga eplejus av lokale bønder.

– Det smakte vanvittig godt, seier Diinhoff om skålen du ser på biletet. Før arkeologen i han igjen tek over:

– Eple har vore ettertrakta heilt tilbake til bronsealderen. Dei spiste epler i stor stil. Så det er lov å leike med tanken om at dei dyrka frukt her også den gongen, utan at dei nødvendigvis var fruktbønder, seier han.

Tilbake i våre dagar blir det satsa offensivt på Ylvisåker. Svein Jarle Slinde er i ferd med å byggje ut garden og gjere fruktdyrkinga til ein større del av inntekta. 

– Kva trur du Ur-Ylvis hadde tenkt om han hadde fått sjå at de framleis satsar så mange år etterpå?

– Det hadde han nok tykt var flott. Det håper eg han hadde gjort, seier han.

 

Til toppen