Årdal: – Talet på medlem har gått noko ned, men det går framleis rundt økonomisk, smiler dagleg leiar Elin Solheim (24) som skålte i energidrikk på jubileumsdagen.
Det var i starten av 2014 at treningssenteret i Øvre Årdal endra namn frå Golds Gym til Årdal Gym, men det er ikkje anna enn namnet som er nemneverdig endra i høve til kva senteret kan tilby i lokala sine.
Artikkelen held fram under biletet.

Over 500 medlemer
Treningsenteret hadde ein topp i talet medlem i oktober i 2011 på rundt 800. I dag er det litt i overkant av 500 som er faste betalande. I tillegg kjem til dømes studentar og feriefolk i peridodar.
– Alt går framleis fint og normalt i høve til oppstarten. Generelt er me godt nøgde. Økonomisk går det rundt, men klart me kunne ønskja at litt fleire melde seg inn, seier dagleg leiar Solheim til Porten.no.
Håpar litt fleire melder seg inn
Det mest ønskelege på kort sikt er om talet på medlem kom opp i 600 personar.
– Då får me høve til å kunne fornya oss i høve til å kjøpa inn meir utstyr, og auka aktivitetstilbodet enda meir, seier ho, men presiserer at dei likevel nyleg har investert i meir utstyr som til dømes ei beinpressmaskin som har vore svært etterspurd.
Solheim seier dei meir enn gjerne tek i mot ønske om betringar i høve utstyr eller aktivitetstilbod, og at dei alltid prøver å fornya seg.
Artikkelen held fram under biletet.

God fordeling i kjønn og alder
Medlema er godt fordelte når det gjeld kjønn og alder. Dei yngste er 14 år, og dei eldste er 85 år gamle. Gruppa med såkalla «godt vaksne» er stadig aukande.
Normalt kan senteret tilby 5-7 gruppetimar per dag dei periodane på året der senteret har mest besøk. Særleg flokkar det seg opp etter haustferien, og i januar og februar.
– Elles har me merka at stadig fleire nyttar seg av eigentrening, og at stadig fleire menn har melde seg inn sidan oppstarten, fortel Solheim.
Artikkelen held fram under biletet.

Kald sommar - bra for senteret
Spesielt i år er at fleire enn normalt har nytta seg av senteret på sommartid på grunn av ein unormal kald sommar.
– Kva vil du seie til dei som sit på gjerdet og lurer på om dei skal melda seg inn?
– Det er berre å stikka innom oss for ein uformell prat om dei ønskjer det. Og folk må ikkje tru at «ein blir stirra på» av andre når ein kjem. Her har alle nok med si eiga trening, og alder eller fysisk form er inga hindring. Folk styrer med akkurat det dei sjølve måtte ønskje i ro og mak, smiler ho.
Artikkelen held fram under biletet.

Stadig fleire driv med eigatrening
Elles lokkar ho med at ein på inga måte treng å føla eit press om å vera med på felles gruppetimar.
– Om ein føler for å trena litt utan at det er så mange andre til stades i fellesrommet, vil eg oppmoda om å vera her på føremiddagane. Ønskjer ein å vera her når det er litt fleire folk, og likar å vera litt sosial, bør ein trena på ettermiddagane på kvardagar mellom klokka 17.00 og 19.00, seier Solheim.
Ho legg til at ein ikkje treng trena knallhardt for å vera i lokalet.
– Mange er innom og gjer berre enkle øvingar.
Ope i timevis kvar einaste dag
Senteret er ope for medlemer frå tidleg morgon til seint på kveld, og medlema kjem seg inn med eiga nøkkelbrikke dei får tildelt. Resepsjonen er bemanna på ettermiddagane frå måndagar til torsdagar.
Elin Solheim har utdanning som sertifisert personleg trenar, og er tilsett i 80 prosent stilling. Ho har hatt stillinga som dagleg leiar sidan 1. september 2013, der Ingeborg Rasmussen ein periode var inne for ho då ho hadde svangerskapspermisjon. I tillegg jobbar no Hanne Eide (17) i resepsjonen.
Årdal Gym har 12-14 instruktørar i gruppetimane, i tillegg kjem det gjesteinstruktørar.
