Skalv av nervøsitet – no skal desse jentene til Høyanger

Sjekk alle som skal representere Årdal og Aurland på fylkesfestivalen til Ungdomens kulturmønstring. 

Årdal/Aurland: Matilde Dvergedal, Aurora Holsæter og Selina Myrmel Gram frå Årdal utgjer gruppa som førebels kallar seg MAS. På den lokale kulturmønstringa denne helga framførte dei Waves av Dean Lewis til ståande applaus frå salen. Men for deltakarane var det ei blanda oppleving.

GLAD GJENG: Også i Aurland har det vore kulturmønstring denne helga. Nedst i saka kan du lese kven som gjekk vidare til fylkesfinalen.
GLAD GJENG: Også i Aurland har det vore kulturmønstring denne helga. Nedst i saka kan du lese kven som gjekk vidare til fylkesfinalen.

– Nervepirrande. Skummelt, oppsummerer Aurora Holsæter, som stod på scena for første gong.

Les også: Ungdommen imponerte med sceneinnslag og visuell kunst

Veninnene spelar saman så ofte dei har tid og har fått innpass i Hugin-huset, øvingslokala til Hugin Musikkforum på Svalheim.

– Dit kan me reisa opp så ofte me vil. Det mykje forsterkarar og musikkinstrument der, så der har vi alt vi treng der, seier Matilde Dvergedal.

Rett etter at dei hadde gått av scena var jentene spente på om innsatsen var god nok til å gå vidare.

For bandets ferskaste var det vanskeleg å vurdere.   

– Eg var nervøs heile tida under framføringa, så eg høyrte ikkje. Eg greidde ikkje å sitta i ro, eg skalv, seier Aurora før ho kjapt løftar opp og studerer hendene. 

– Eg skjelv framleis, konstanterer ho.

Seinare på kvelden vart det kjent at MAS er eitt av fire sceneinnslag frå Årdal som går vidare til fylkesfinalen i Høyanger om ein knapp månad.

Her kan du lese heile lista:

Årdal:

Utstilling:

  • "Darkness": Selina Barsnes
  • "Gjennom dei to veri": Ronja Hovland 
  • "Hen": Frida Lidal
  • "Lille kattepus": Tirill Jevnaker

Scene:

  • Cactus (Beatrice Justerte, Anna J.Asperheim)
  • FiveFeelings (Karoline Hjønnevåg, Sofie Fortun, Sofie Øren)
  • MAS (Matilde Dvergedal, Selina Gram, Aurora Hatleli)
  • Trump Tribute Band (Tor Gikling, Lisa Horpen, Tomine Jevnaker, Odd Harald Larsen, Hermann Øren)

Aurland:

Kunst:

  • Kine Haugeplass, teikning
  • Julie Aksnes Wiliams, foto
  • Anja Ryabinina, to teikingar


Scene:

  • Aira Steine Bortne og Inger Anne Kvam - song
  • Emilie Djønne og Kine Haugeplass - song
  • Nora Tangen Aarskog, Sara Karlsen Høydal og Aira Steine Bortne - song
     
Til toppen