HUND ETTER ROCK: Frontfigur i The Dogs, Kristopher Schau, er klar for å rocke Eidsbugarden.
HUND ETTER ROCK: Frontfigur i The Dogs, Kristopher Schau, er klar for å rocke Eidsbugarden. (Bilde: 2)

Skandalerockaren tek med seg desse kjøterane til Vinjerock

Kristopher Schau og gruppa The Dogs kjem til Eidsbugarden neste sommar. Sjekk dei andre artistane som er klare her!

Eidsbugarden: Silvana Imam, Fieh, The Dogs og det lokale valdresbandet The Rebels skal spele på neste års Vinjerock på Eidsbugarden. 

GULT ER KULT: Svenske Silvana Imam er hiphopalibiet på Vinjerock neste år.
GULT ER KULT: Svenske Silvana Imam er hiphopalibiet på Vinjerock neste år.

– Det er utruleg moro å koma med et førsteslepp som dette. Herleg Vinjerocksk sjangerblanding med spennande, lokale, regionale, nasjonale, internasjonale og veldig gode artistar, seier bookingsjef John Olav Hovde.

The Rebels får kort veg til spelejobben. Dei høyrer heime i Valdres og tek med seg melodiøs pop i konsertbussen. Fieh er òg ein nykomar på den norske musikkhimmelen. 19-åringen skriv og produserer sin eigen soul på soverommet og vart i 2014 kåra til årets Urørt på P3.

Svenske Silvana Imam er kjend for hiphop med sterke tekstar og har tidlegare vitja både Slottsfjell og Øya-festivalen i Norge. Det blir første gong den svenske rapparen tek turen til Eidsbugarden.

The Dogs med Kristopher Schau i front spelte på Vinjerock i 2014. Bandet har sidan debuten i 2011 blitt kjent for å sleppe eit nytt album første måndagen i januar kvart år. Såleis bør det vere store sjansar for at dei har med seg ferskvare til høgfjellet òg denne sommaren.

Festivalpassa for neste år blir lagt ut 1. desember. For dei som er medlem i DNT blir det mogleg å kjøpa eit begrensa tal billettar allereie onsdag 29. november. Festivalen har dei siste åra seld ut på under ti sekundar.

Ut over hausten og våren blir det avslørt fleire artistar.

FJELLFESTIVAL: Vinjerock blir arrangert på Eidsbugarden 1016 meter over havet.
FJELLFESTIVAL: Vinjerock blir arrangert på Eidsbugarden 1016 meter over havet.
Til toppen