MED LÆRDAL I RYGGEN: Kortfilmen "Som ein reiar så ligg ein" blir laga både for å sette både Lærdal og Sogn og Fjordane på kartet i internasjonal samanheng og for så syna kva ein får til så lenge ein har lærdøler i ryggen, fortel regissør Alexander Einemo Zwart. Foto: Jan Christian Jerving
MED LÆRDAL I RYGGEN: Kortfilmen "Som ein reiar så ligg ein" blir laga både for å sette både Lærdal og Sogn og Fjordane på kartet i internasjonal samanheng og for så syna kva ein får til så lenge ein har lærdøler i ryggen, fortel regissør Alexander Einemo Zwart. Foto: Jan Christian Jerving

Skapar galskap til bøndene i fylket – Zwart satsar stort på kortfilm

Kva skjer når ein bonde får veta at han skal døy, men at livsverket hans gjennom 75 år blir seld så snart han ligg i jorda?

Lærdal: Jo, bonden gjer dermed alt han kan for at garden skal bli med han i grava.

I kortfilmen "Som ein reiar så ligg ein" trekk regissør og lærdøl Alexander Einemo Zwart (32) linjer til ei kjend problemstilling rundt odelsretten, som er aktuell for mange på den norske landsbygda. Men problemstillinga blir meir interessant om ein spør seg, kva om ein ikkje vil at garden skal gå til den som har odelen?

Artikkelen held fram under biletet

TETT PÅ EIN LÆRDØL: Det ligg mange timar og beinhard jobb bak å få på plass eit kort klipp til kortfilmen.
TETT PÅ EIN LÆRDØL: Det ligg mange timar og beinhard jobb bak å få på plass eit kort klipp til kortfilmen.

– Lokalt, lokalt, lokalt

I Danmark har dei hatt stor suksess internasjonalt med tv-seriar som Forbrytelsen, Borgen og Broen. Zwart fortel at ein produsent uttalte på Dansk Radio at jo meir lokalt, jo meir globalt.

– Me har tenkt lokalt, lokalt, lokalt. Det handlar om å få fram Lærdal, og ei side som det norske folk enno ikkje har sett på film. Denne filmen handlar om bonden oppi dalen som er sur og gneten. Men korleis han har det, kva slit han med? Her er film eit fantastisk medium, då me får observera ein person utan at dei ser oss. Det er litt som eit teleskop inn i sjela. Dette er ein film til bøndene i Sogn og Fjordane. Ler dei og kosar seg, då har eg lykkast, seier Zwart. 

Artikkelen held fram under biletet

INSTRUERER: Saman med kona Valia Phyllis Zwart, som er produsent, har regissør Alexander Einemo Zwart (f.v) drive Komet Film AS i over to år. Gjennom beinhard jobbing har Zwart komen dit han er i dag. Her er Sverre Horge i rolla som bonden får Lærdal (f.h) og ordførar Jan Geir Solheim i rolla som synsk.
INSTRUERER: Saman med kona Valia Phyllis Zwart, som er produsent, har regissør Alexander Einemo Zwart (f.v) drive Komet Film AS i over to år. Gjennom beinhard jobbing har Zwart komen dit han er i dag. Her er Sverre Horge i rolla som bonden får Lærdal (f.h) og ordførar Jan Geir Solheim i rolla som synsk.

Skaffa alt frå sau, gardsbruk til gravemaskin

Sjølv om manuset har vore under utvikling og finpussa i vel tre år, har ikkje ekteparet hatt meir enn tre veker på å skapa og spele inn filmen. Dei har med andre ord hatt kort tid på deg for å ringe rundt for å skaffe seg eit filmcrew, skodespelarar og alt frå ei hagle, ein gamal Mercedes-Benz, gardsbruk og gravemaskin til ti sauer. Også filmselskapet Falkeblikk AS i Sogndal har stilt opp med drone. 

Forrige torsdag var det filminnspeling i fem varmegrader på Fjellheim gard, ved Seltun i Lærdal. Ordførar Jan Geir Solheim (Sp), spelar rolla som synsk, og som gir beskjeden om at bonden skal døy. Magne Grøttebø spelar den fordrukne naboen og ljøsningen, som berre er ute etter sprit. Det er for å få inn det komiske, oppi alt alvoret. I tillegg har dei fått den kjende skodespelaren Sverre Horge til å spela den fortvila bonden, som tek til å vatne garden for å få den til å råtne før han sjølv skal i jorda. Å laga ein truverdig film er viktig for Zwart, difor har også Horge på kort tid lært seg å snakke flytande lærdøl. 

Artikkelen held fram under biletet

HUMOR OPPI ALVORET: Magne Grøttebø i rolla som ljøsning og nabo, som berre bryr seg om flaska. 
HUMOR OPPI ALVORET: Magne Grøttebø i rolla som ljøsning og nabo, som berre bryr seg om flaska. 

Laurdag og søndag boltra filmcrewet seg i eit hus i Oppegård utanfor Oslo, eller rettare sagt øydela huset som skal rivast neste fredag. Difor kunne dei søle så mykje vatn og skjera så mange hol i veggar og golvet på huset som dei berre ville. Slik sett fekk Zwart både lyssett og filma over skodespelaren, noko som gav moglegheiter ein elles berre finn i eit filmstudio.  

– Utan familie, vener, profesjonelle filmfolk, droneselskap og utleigeselskap som har stilt opp for å hjelpe til på dugnad, hadde dette vore umogleg å få til. Hadde me rekna på kroner og øre, trur eg lett me hadde komen opp i over to og ein halv million. Og sjølv det er lite når me snakkar filminnspeling, har me betalt med blod, sveitte og tårer, fortel han. 

Ein maktdemonstrasjon

Zwart legg ikkje skjul på at det er mange om beinet for å støtte til å laga film, der Arve Tokvam ved Lærdal næringsutvikling var den einaste som har hatt trua på prosjektet med ei gong, og gjekk inn med stønad. Det er noko Zwart aldri vil gløyma. 

– Me er nøgde for å ha fått det til, men det har vore ein kamp. Når ein skal laga film, handlar det om å vera kompromisslaus, sjølv om ein ikkje har økonomi.

Artikkelen held fram under biletet

DØDSBODSKAPEN: Skodespelar Jan Geir Solheim i rolla som synsk, som overleverer framtidsutsiktene til Sverre Horge, i rolla som bonde. Det har vore viktig å få med lærdøler for Zwart, for å syne fram akkurat kvar filmen er ifrå. 
DØDSBODSKAPEN: Skodespelar Jan Geir Solheim i rolla som synsk, som overleverer framtidsutsiktene til Sverre Horge, i rolla som bonde. Det har vore viktig å få med lærdøler for Zwart, for å syne fram akkurat kvar filmen er ifrå. 

Etter avslag på avslag frå Norsk Filminstitutt og dei regionale filmfonda, vart ekteparet så forbanna, å sette i gang med å laga filmen for å syna for seg sjølve at dette var eit bra prosjekt. Det er ingen tvil om at lærdølen har eit skyhøgt ambisjonsnivå. Etter tida i utlandet er Zwart rett og slett ferdig med janteloven. 

– Dette er ei maktdemonstrasjon for å syne fram kva ein får utan filmfonda. Haldninga vår er at med Lærdal i ryggen går me til krig for å laga denna galskapen. Kven er med? Det er heilt fantastisk korleis folk tende og stilte opp. Eg fekk lydmannen som har gjort filmane til Bent Hamer og ein fantastisk fotograf som er superstjerne i reklameverda. Dette handlar om å setje Lærdal på kartet og å syna at det er meir i Lærdal enn morellar og potetar. Her blir det laga kick-ass filmar som når langt utanfor grensene til landet vårt. 

Artikkelen held fram under biletet

FEKK LÅNE SEG GARD: Frå filminnspelinga på Fjellheim gard i Lærdal. 
FEKK LÅNE SEG GARD: Frå filminnspelinga på Fjellheim gard i Lærdal. 

Ikkje berre kunst, også næringsutvikling

Men dette handlar ikkje berre om kunst. Det er knallhard jobb, noko Zwart har vorte van ettersom han har stige i gradene. No håpar han også folk i Sogn og Fjordane blir inspirerte. Zwart har trua på at det ligg eit marknadspotensiale i å bygga ein filmbransje lokalt i Sogn og Fjordane, som også kan bidra til store produksjonar.

– Dette er for å syna kva me kan få til sjølv om ein ikkje bur i byen. Når ein skal laga film er det ingen forskjell mellom Lærdal og New York. Det ein treng er ein bil, telefon, tid og mot, for å få det til. Me kan levera på høgda med dei store norske byane. Det er ein realitet om ein får til insentivordninga frå staten. Sjå til dømes på Falkeblikk og den kompetansen dei sit på. Ingen har vel floge meir rundt i fjella her. Det kan Hollywood-produsentar som ønskjer seg dei flottaste bileta frå Vestlandet dra nytte av, seier han. 

Artikkelen held fram under biletet

Tidleg i november sendte Kulturdepartementet ei insentivordning ut på høyring, slik at det skal bli meir attraktivt å legge innspelingar av nasjonale og internasjonale film- og serieproduksjonar til Noreg, gjennom å gi økonomisk stønad. 

– Det kan gjera det meir interessant for utanlandske produsentar å spele inn film i Noreg, men det vil også kunne legge beslag på norske produksjonsteam. Det me gjer no er eigentleg eit testprosjekt for å sjå kor langt me kan strekke det her i fylket. Sogn og Fjordane er unikt, og om me tenkjer næringsutvikling over kunst, då skjer ting raskare, seier han, og legg til.

– Mi bygd er den feitaste i heile verda. Lærdal tenkjer nasjonalt og stort. Min kamp og det eg vil få til, er at folk skjønar dei kan koma hit, så skal me skaffa det dei treng av folk. Då snakkar me raskt arbeidsplassar og ringverknader lokalt. Denne filmen er difor på sett og vis ein liten del av ein stor plan. Me må tenka stort, for kvifor skal me ikkje få det til nettopp her, seier Zwart bestemt. 

Artikkelen held fram under biletet

TENKJER STORT: – Når ein skal laga film er det ingen forskjell mellom Lærdal og New York. Det ein treng er ein bil, telefon, tid og mot, for å få det til, seier Alexander Zwart, som meiner det ligg eit marknadspotensiale i å bygga ein filmbransje lokalt i Sogn og Fjordane. 
TENKJER STORT: – Når ein skal laga film er det ingen forskjell mellom Lærdal og New York. Det ein treng er ein bil, telefon, tid og mot, for å få det til, seier Alexander Zwart, som meiner det ligg eit marknadspotensiale i å bygga ein filmbransje lokalt i Sogn og Fjordane. 

Vil nå ut internasjonalt og bygge namn

Neste år skal filmen sendast til dei store internasjonale filmfestivalane som mellom anna i Berlin, Cannes og Toronto. Får Zwart napp, er det neste målet å laga spelefilm. 

– Å laga kortfilmen er ein måte å få eit kvalitetsstempel internasjonalt. Det handlar om bygge eit namn, men også tillit hos investorar, slik at dei er sikre på at du er ein person som leverar. Difor sett me store krav til kvalitet, elles er det ingen vits. Dette er ei tolmodigheitsprøve og for mykje jobb, om me ikkje har hundre prosent trua på det me gjer. For å kome dit ein vil må ein gjera alt sjølve, den haldningen inspirerer igjen dei beste folka til å stilla opp på dugnad, då dei ser kor mykje du legg i prosjektet. Det har me fått til med denne kortfilmen, seier Zwart.

Til toppen