LYSPUNKT: Ole Einar Rebni og Linda Moen Rebni meiner koronakontor kan gje skulane eit digitalt løft, så lenge dei prøver å læra av krisa.
LYSPUNKT: Ole Einar Rebni og Linda Moen Rebni meiner koronakontor kan gje skulane eit digitalt løft, så lenge dei prøver å læra av krisa. (Foto: Privat)

MEININGAR

Skaper koronakontor framtidas digitale skule?

– Spørsmålet me kan stilla oss når denne unntakstilstanden er over, er korleis skulane grip fatt i desse nye erfaringane, skriv forfattarane av denne kronikken.

Meiningar: Norske skular er stengde. Alle lærarar i heile landet har i løpet av nokre få dagar ufrivillig kasta seg rundt for å rigga digitale klasserom. Hundretusenvis av elevar sit no i sine heimar og får undervising og oppgåver via nett.

Dette er brutalt og surrealistisk. Men oppi alt dette brutale og surrealistiske kan ein faktisk augne moglegheiter. Kan det vera at koronakontor skapar framtidas digitale skule?

Ny praksis

Koronakontor kan styrka den digitale kompetansen både hos lærarar og elevar. Under tidspress må lærarane skapa digitale læringsarenaer for elevane. Prøving og feiling fører til ei bratt læringskurve for alle.

Ut av dette kjem ny kunnskap og erfaring. Ny kunnskap om korleis me kan undervisa på andre måtar enn i eit klasserom. Ny kunnskap om nye pedagogiske verktøy enn dei som lærarar vanlegvis nyttar.

Spørsmåla me kan stilla oss når denne unntakstilstanden er over, er korleis skulane grip fatt i desse nye erfaringane, korleis desse vert jobba vidare med og utvikla til ny praksis i framtida. 

Pedagogisk eksperiment

Sidan situasjonen no er ufrivillig, ny og annleis for alle, må me likevel passa på at det ikkje tek av. I den nye kvardagen bør det ikkje handla om tal undervisingstimar eller kor mange oppgåver elevane fullfører, i alle fall ikkje for dei minste elevane.

No er det andre verdiar som må råda, og andre omsyn som må takast. Elevane bidreg solidarisk til den nasjonale dugnaden. I mange heimar må foreldre, elevar og barnehageborn dela på tida. Dette må lærarar og skular ta omsyn til, og derfor er det kanskje ikkje læringstrykket som må vera i søkelyset.

Det kan vera kreative oppgåver formidla over nett. Det kan vera korleis ein når elevane og korleis motivera dei gjennom digitale verktøy og plattformer. Det bør derfor vera akseptabelt i befolkninga, blant skular og lærarar, at denne perioden er prega av eit pedagogisk eksperiment. Eit nasjonalt pedagogisk digitalt eksperiment.

Eit klassisk spark bak?

Digitale verktøy og digital undervising har hatt sin plass i skulen over fleire år. Likevel er det stor forskjell frå skule til skule, og frå lærar til lærar korleis dette blir praktisert.

Det er stor forskjell både på kompetanse og på tilgang til utstyr. Nokre skular og lærarar er godt rigga til å gjennomføra digital undervising, andre ikkje.

Det er ikkje eit krav at skular skal vere rigga til å kunne handtera ein så massiv inngripen som stengd skule. Men i etterpåklokskapens lys, om nokre veker eller månader, kan dette bli til eit klassisk spark bak?

Framtidas skule treng ikkje bli virtuell

Før eller seinare kjem vanlege kvardagar tilbake igjen. Me må unngå å legga dei digitale erfaringane døde med ein gong skulane opnar. 

Me meiner ikkje at me no skal skapa ein skule der elevane vert distanserte frå kvarandre ved å sitja framfor kvar sin skjerm. Heller ikkje at framtidas digitale skule skal vera gjennom fjernundervising. Den reelle dimensjonen ved å vera fysisk tilstade er viktig for menneske.

Så framtidas skule treng ikkje å bli virtuell, men den bør vera reell og spegla samfunn og yrkesliv. Og mange vil erfara akkurat dette gjennom det nasjonale pedagogiske digitale eksperimentet, eller kall det gjerne dugnad, dei neste vekene.

Ein variant av kronikken stod først på trykk i BT.

Til toppen