EVIG EIES: Sara Troland og pianist Einar Blindheim framførte «Evig eies (kun et dårlig rykte)» av Henning Kvitnes. Foto: Øyvind Nondal.
EVIG EIES: Sara Troland og pianist Einar Blindheim framførte «Evig eies (kun et dårlig rykte)» av Henning Kvitnes. Foto: Øyvind Nondal. (Foto: Øyvind Nundal)

Skapte glede for dei eldre

VEKAO og Trivselssentralen arrangerte fredag kveld intimkonsert på Sogndal omsorgssenter

Sogndal: Om lag femti bebuarar møtte opp i peisestova på Sogndal omsorgssenter for å høyre rolege, akustiske låtar framført av Sara Troland og pianist Einar Blindheim.

FULLT I PEISESTOVA: Om lag femti fekk intimkonsert med Sara Troland og pianist Einar Blindheim.
FULLT I PEISESTOVA: Om lag femti fekk intimkonsert med Sara Troland og pianist Einar Blindheim.

– Troland seier til Porten.no at kvelden på omsorgssenteret var utrulig flott, med eit veldig bra publikum, og legg til det var veldig kjekt å skapa glede for dei eldre.

Konserten byrja med låten «Evig eies (kun et dårlig rykte)» av Henning Kvitnes.

– Då eg og Einar Blindheim vart spurt av VEKAO og Trivselssentralen om vi ville halde konsert på omsorgssenteret sa vi sjølvsagt ja, seier Troland, som er kreativ ansvarleg på Studenthuset Meieriet.

Troland fortel at ho har mange års songerfaring og syng det aller meste. 

– Men soul er min favorittsjanger avsluttar Troland.

Til toppen