Luster: – Det var bra oppmøte i år òg, sånn som det pleier å vera, fortel Gaute Grov.
Han reiste frå Oslo, der han bur til dagleg, og heim til Jostedalen for å vera med på Brefestival.
– Absolutt verdt å koma heim til dette ja, digg det.
Skathellekasting er ein enkel, men populær aktivitet.
– Det er tre på kvart lag og ved å kasta ei steinhelle er poenget at du skal treffa ei annan stein. Mange deltek, og det er veldig populært å sjå på. Dei fleste kjem på marknad for å sjå på skathellekasting, fortalde Johanne Grov, til Porten.no i fjor.
- Les òg: Klargjer skathellebana til konkurranse
- Les òg: Turistane måpa då breen kalva
Brepub med ein tvist
Det er nasjonalsporten i Jostedalen, og innbyggarane er glade i å følge med på kven som stikk av med seieren til slutt.
I år blei det Ingar Norberg, Andre Olsen Aadland, og Steinar Halveg.

Dagen i går starta med terrengløp, der Gaute Grov var vinnaren i seniorklassen, før det blei grillmat, lykkehjul, og lynlotteri ved samfunnshuset.
– Me var heldige med vêret, og det blei ein fin dag.
Etter kvart var det konsert i samband med Jostedal Rockeverkstad, før det heile blei avslutta på Breheimssenteret.
– I år blei det brepub med ein tvist, nemleg karaoke, avsluttar Grov.