Vibeke Johnsen, SV sin stortingskandidat i Sogn og Fjordane.
Vibeke Johnsen, SV sin stortingskandidat i Sogn og Fjordane. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

MEININGAR: Stortingsvalet 2017

Skatt, ulikskap og fellesskap

- Vi er i ferd med å få eit land med større klasseskilje, skriv Vibeke Johnsen (SV).

Som vanleg er når det nærmar seg val, lovar høgresida skattelette. Dei hevdar at når dei som eig mykje får endå meir, blir det skapt fleire arbeidsplassar og meir velferd. I media har Høgre sin førstekandidat Frida Melvær forsvara redusert formueskatt, og dei fleste har vel fått med seg storinvestor Stein Erik Hagen sin klagesong over skattane som tyngjer han og hans likemenn.

Desse og andre på høgresida freistar å skape ein myte om at formueskattane i Noreg er spesielt høge. I ein internasjonal samanheng er det slett ikkje sant. Eigedelar kan skattleggast på ulike måtar, både som formueskatt, eigedomsskatt og arveavgift. Når vi slår desse skattane saman, viser tal frå OECD at 26 av 35 land i OECD-området har høgare formueskattar enn Noreg. I Noreg utgjer skatt på eigedelar 2,9% av samla skattar, medan snittet for OECD er 5,6% (2015). Klaging frå dei rike bør ikkje få oss til å sjå bort frå slike fakta.

Vanlege argument frå høgresida er at dei rike brukar pengane frå skattelette til å skape arbeidsplassar, og at dei vil flytte arbeidsplassar ut av landet om dei ikkje får mindre skatt. Men denne argumentasjonen blandar saman verknadene av formueskatt og verknadene av konkurranse mellom statar. Isolert fører ein auke i formueskattane til at investeringslysta aukar. Forsking syner at der dei med store formuar slepp unna skatt, nøyer dei seg med passiv forvaltning og forbruk av formuen. Dersom dei må skatte mykje av formuen, er det derimot meir freistande å investere i bedrifter for å auke inntektene. Samanhengen mellom formueskatt og gründerskap er altså den motsette av det som høgresida hevdar. 

Så er det sant at høgare skattar også freistar dei rike til å flytte pengane ut av landet og over i skatteparadis. Men dette er eit problem som ikkje kan løysast av lågare skattar åleine. Då vil til slutt alle land ende opp med så låge skattar at fellesskapen blir fullstendig utarma. Skattar handlar også om solidaritet og sivilisasjon. Vi må ha skattar for å lage gode løysingar for fellesskapen og sikre at ingen fell utanfor. Så heller enn å gje etter for dei rike sine trugsmål om utflytting, må vi arbeide politisk for innsyn i skatteparadisa og internasjonale avtalar som gjer at spekulantane kan skattleggast. Og vi må prioritere målretta tiltak for skattelette for gründerar, arbeidande kapital i småbedrifter og vanlege bustader heller enn generelle kutt som først og fremst kjem dei rike til gode.

Det er rett som Frida Melvær seier at den sitjande regjeringa har gjeve skattelette. Men det er ikkje folk flest som har tent mest på dette. Under Solbergregjeringa har den rikaste halvparten av befolkninga i snitt fått 2400 kroner i redusert formueskatt. Den rikaste promillen, altså dei styrtrike, har fått eit kutt på 281 800 kroner i snitt. Den negative sida ved dette er at ulikskapen i samfunnet aukar. Vi er i ferd med å få eit land med større klasseskilje. Folk flest ser dette, og det uroar dei. I ei nyleg meiningsmåling, utført av Sentio på oppdrag frå SV, svarer 61% at dei økonomiske skilnadene i Noreg er blitt for store. Eit endå større fleirtal ønskjer at dei som har mest skal betale meir skatt. Om du høyrer til dette fleirtalet, kan du gjere ein skilnad når du går til valurnene. Røyst på eit parti som set kampen mot ulikskap høgt på dagsorden. Røyst SV!

Vibeke Johnsen
Stortingskandidat Sogn og Fjordane SV

Oddbjørn Bukve
Leiar Sogndal SV

Til toppen