TAPAR STORT: Dersom det blir innført fritak på eigedomsskatt for bruk og verk, vil det få store økonomiske konsekvensar for industrikommunar som Årdal. Foto: Hydrom Aluminium.
TAPAR STORT: Dersom det blir innført fritak på eigedomsskatt for bruk og verk, vil det få store økonomiske konsekvensar for industrikommunar som Årdal. Foto: Hydrom Aluminium. (Foto: Arkiv)

Skatteframlegg frå regjeringa kan kosta industrikommunar dyrt

Det kan få store konsekvensar for kommunar som Årdal.

18. juni sendte finansminister Siv Jensen (Frp) eit forslag om endringar i eigedomsskatten på arbeidsmaskiner i verk og bruk ut på høyring.

Forslaget seier at produksjonsustyr og installasjonar skal fritakast frå skatt. Dette kan industrikommunar landet over ein økonomisk smell, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Eigedomsskatt på bruk og verk er ein viktig bidragsytar i kommuneøkonomien til blant anna Årdal. I Årdal drar ein inn 60 millionar kroner i 2015 berre på dette.

– Det me fryktar er store kutt i kommunen sine inntekter. For Årdal sin del dreier seg om titals millionar, seier ordførarkandidat for Årdal Sp, Alexander Øren Heen til NRK.

– Dette er noko vi er veldig uroa for, og som vil ha store konsekvensar for oss.

Til toppen