Sogndal: Årsaka til dei omfattande nedleggingane er at digitale tenester gjer at svært få lenger har bruk for å oppsøke skattekontora fysisk.
Alle tilsette får tilbod om arbeid ved eit anna skattekontor, står det i eit brev frå Skatteetaten til Sogndal kommune. For dei tilsette i Sogndal inneber det at arbeidsplassen blir flytt til Leikanger, det einaste skattekontoret som er att i Sogn og eitt av berre tre i fylket.
Dei som framleis ønskjer det kan besøke dei kontora som er att, uavhengig av kvar dei bur. Frå september vil det bli mogleg å bestille time for rettleiing og hjelp ved skattekontora.