Årdal kan saman med Sogndal mista skattekontoret sitt dersom Skatteetaten får det som dei vil. Foto: Norsk Hydro
Årdal kan saman med Sogndal mista skattekontoret sitt dersom Skatteetaten får det som dei vil. Foto: Norsk Hydro (Foto: Hydro Aluminium Årdal)

Skattekontoret i Årdal kan forsvinna

To stillingar forsvinn om Skatteetaten får det som dei vil.

Årdal: – Det er svært viktig med nærleik til tenestene både for innbyggjarane og kommunen. At skattekontoret står i fare for å forsvinna frå bygda er me sjølvsagt heilt i mot, seier ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid. 

Berre eitt kontor att i Sogn

Framlegget i rapporten går ut på å leggja ned halvparten av skattekontora i landet, og seks av ni i Sogn og Fjordane. I tillegg til kontoret i Årdal står også kontoret i Sogndal på kuttlista. Det betyr at berre skattekontoret på Leikanger står att for Sogn sitt vedkomande, om framlegget blir teke til følgje. I Sunnfjord skal førdekontoret stå att, i Nordfjord kontoret på Eid. Skattekontora i Florø, Måløy og Fjaler blir også føreslege nedlagde.

– Enno meir sentralisering, med andre ord. Det harmonerer ikkje med regjeringa sine lovnader og avtalar om at offentlege tenester skal flyttast ut til distrika, seier Lægreid.

Han har skrive under på ei uttale frå 157 ordførarar som protesterer mot nedleggingane. Der står det mellom anna: « Vi er av den formening at alle innbyggere skal ha muligheten til å oppsøke Skatteetaten, for å få hjelp og veiledning. Det er ikke et gode som bare skal være forbeholdt innbyggerne i de større byene. Mye viktig næringsutvikling foregår også i dag utenfor byene. Det benyttes også der mye utenlandsk arbeidskraft som er avhengig av personlig oppmøte på nærmeste skattekontor. Det samme gjelder for ID kontroll. Lange avstander til skattekontoret er derfor svært samfunnsineffektivt.»

I pressemeldinga frå Skatteetaten blir behov for større fagmiljø som skal gjera ein betre skodd til å bekjempa økonomisk kriminalitet drege fram som hovudargumentet for omstruktureringa: «- Vi ser at fysisk tilstedeværelse i dag er mindre påkrevet for vår informasjon, veiledning og kontroll av skattytere. Ved å slå sammen skattekontor, får Skatteetaten større fagmiljø som er bedre skodd til å løse skatteutfordringene i samfunnet, sier skattedirektør Hans Christian Holte.

Å bekjempe økonomisk kriminalitet og arbeidsmarkedskriminalitet, styrke identitetsforvaltningen og å sikre riktig skatt i en globalisert og digitalisert økonomi, er utfordringer for samfunnet og prioriterte områder for Skatteetaten. Håndtering av disse utfordringene krever nye måter å arbeide på.»

– Kor store sjansar trur du det er for at nedlegginga blir ein realitet?

– Det er ikkje godt å vita. Slike framlegg kjem støtt og stadig - nokre går gjennom og andre ikkje, seier Arild Ingar Lægreid

Rapporten er lagd fram for Finansdepartementet. Kontora skal avviklast 1.juni 2017 om framlegget går gjennom.

Til toppen