EIN ETAT FATTIGARE: Sogndal er vekstkommunen i Sogn, men misser truleg skattekontoret, saman med Årdal.
EIN ETAT FATTIGARE: Sogndal er vekstkommunen i Sogn, men misser truleg skattekontoret, saman med Årdal. (Foto: Arkiv)

Skattekontoret kan bli lagt ned i Sogndal

Men ordføraren er ikkje uroa.

Sogndal: Skattekontora i både Årdal og Sogndal blir lagde ned, dersom regjeringa sitt forslag til nytt statsbudsjett blir vedteke. Leikanger vert dermed den einaste kommunen i Sogn som framleis har eit slikt tilbod, medan Førde står åleine att i Sunnfjord og Eid i Nordfjord.

MEIR LETTA, ENN SKUFFA: Sogndalordførar Jarle Aarvoll hissar seg ikkje opp over at skattekontoret truleg blir nedlagt i kommunen.
MEIR LETTA, ENN SKUFFA: Sogndalordførar Jarle Aarvoll hissar seg ikkje opp over at skattekontoret truleg blir nedlagt i kommunen.

–  Utifrå vår ståstad så vil det ikkje ha så store konsekvensar. Men for dei som jobbar der, så var nok dette noko dei ville behalde som tidlegare, seier ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap).

Les også: Skattekontoret i Årdal kan forsvinna

Eit teikn i tida

For han var ikkje dette uventa. Det har lege i korta utifrå signala som har kome tidlegare.

– Det er litt av det vi ser i samfunnet ellers, at strukturar er i endring, offentlege arbeidsplassar blir samla meir og meir og flytta ut av kommunane, konstanterer Aarvoll.

Han påpeiker at det er korte avstandar og tette band mellom Sogndal og Leikanger. Slik sett er letta over det ein får behalde, større enn skuffelsen over det som går tapt.

– Det blir i regionen, det er det viktigaste. Det kunne òg ha vore eit alternativ å samla det enno meir, seier han.

Frykta vart ein realitet

I Årdal har dei lenge frykta at dette blir utfallet. Tidlegare i sommar skreiv ordførar Arild Ingar Lægreid under på ei uttale frå 157 ordførarar som protesterte mot dei omfattande nedleggingane i Skatteetaten.

– Det er svært viktig med nærleik til tenestene både for innbyggjarane og kommunen. At skattekontoret står i fare for å forsvinna frå bygda er me sjølvsagt heilt i mot, sa han den gongen.I går greidde vi ikkje å få tak i ordføraren for ein kommentar.

Dersom alt går slik regjeringa har lagt opp vil kontora bli avvikla 1.juni 2017.

 

Til toppen