IKKJE NØGD: Hilde Horpen (Sp) rettar krass skyts mot statsbudsjettet.
IKKJE NØGD: Hilde Horpen (Sp) rettar krass skyts mot statsbudsjettet. ( Foto: Truls Grane Sylvarnes/arkiv)

– Skattelette for dei rike, kutt for dei svake

Hilde Horpen (Sp) frå Årdal har lite godt å seia om framlegget til regjeringa til neste års budsjett.

Meiningar: Regjeringa la 8. oktober fram neste års statsbudsjett. Nok ein gong er det eit budsjett prega av sentralisering, skattelette for dei rike og kutt for folk flest. 

Kommunane er blant dei som blir hardast ramma.

Tøft for kommunane

Regjeringa kuttar i kommuneøkonomien, noko som går utover tenester som skule, barnehagar og sjukeheimar. Samtidig står finansministeren fram og lovar fleire sjukeheimsplassar, noko som i seg sjølv er motstridande.

Spørsmålet er korleis kommunane skal klare å finansiere dette når midlane blir færre og vilkåra dårlegare. Med dette budsjettet vil det bli vanskelegare for kommunane å levera gode tenester.

Dette gjeld òg Sogn og Fjordane fylkeskommune, då det ligg inne ein realnedgang i overføringane. For Senterungdomen og Senterpartiet er det viktig å sjå heile landet, og ta heile landet i bruk.

Dette vil seia at ein må ha meir midlar til kommunane og fylka, slik at dei får høve til å gje viktige tenester til sine innbyggjarar.

Usosial politikk

Medan regjeringa vil ha skattelette til dei rikaste, vil dei kutte i støtte til dei svakaste: funksjonshemma og hardt skadde.

Medan dei rikaste skal få endå meir i lommeboka, må dei svake gruppene finne seg i å få vanskelegare vilkår og færre midlar.

Dette er eit usolidarisk og drastisk grep, og syner nok ein gong kven regjeringa faktisk prioriterer. Det vil igjen føre til større forskjellar mellom folk, framfor sosial og økonomisk utjamning.

– Eg er skuffa

Dette statsbudsjettet syner tydeleg at me treng ei ny regjering. Ei regjering som ser heile landet og er opptekne av gode tenester nær folk, framfor kutt i kommuneøkonomi og realnedgang i overføringar til fylket.

Me treng ei regjering som ikkje vil kutte hjå dei svakaste, for å gje skattelette til dei rikaste. Me ynskjer ein politikk som tek vare på distrikta og minkar skilnadane i landet.

Eg er skuffa over regjeringa som dreg i motsett retning.

Til toppen