Sogndal: Politiet måtte ut to gonger i Sogndal natt til laurdag då både ungdommar og ein rusa mann lagde uro.
Førstnemnde vekte truleg opp ein heil del naboar då dei skaut opp fyrverkeri i sentrum. Forholdet vert no fulgt opp, melder politiet.
Den rusa mannen i 20-åra derimot, fekk pålegg om å halde seg vekke frå ein utestad.
Tidlegare på kvelden måtte viltnemnda i aksjon då ein hjort vart påkøyrd på Erisletta i Lærdal. Hjorten stakk til skogs.