Når ein veks opp i ei lita bygd, er det ofte slik at alle kjenner alle. Då snakkast ein ofte om kampen som var i helga, kva for eit kvinnfolk ein hadde med seg heim den kvelden og så vidare.
Eg har aldri brydd meg om normen, noko som skremmer mange. Eg kom offentleg ut som skeiv da eg var 13 år, noko som eigentleg er ganske tidleg. Det er fordi eg alltid har hatt god støtte heime.
Viss ikkje den me kjem frå aksepterer oss, vil me alltid ha kvarandre.
Iben Storli Øvstetun
Eg har alltid fått vera meg sjølv 100 prosent. Men mange går rundt med meiningar basert på noko ein har sett eller lese, men ikkje har opplevd sjølv.
«Kvifor kan du ikkje berre vera som alle andre?!» fekk eg slengt i ansiktet.
Min respons var: «Veit du kva? Eg lyt vera meg sjølv, for alle andre er opptekne.» Då blei det plutseleg stille. Vedkommande hadde vel ikkje forventa eit svar.
– Eg var heldig, mange er ikkje det
For når det kjem til det å vera skeiv på ein liten plass, har eg sjølvsagt opplevd negative ting, men mykje meir positivt. Eg var veldig heldig med responsen eg fekk frå klassekameratane mine, venner og generelt sett alle. Etter litt tid forsvann alt det negative i den store mengda med alt det positive. Det er noko eg set pris på!
Men eg skjønnar så inderleg vel kor vanskeleg det må vera for dei som ikkje har vore like heldige som meg, og det er dei eg kjempar for kvar dag.
Av og til kan livet vera utruleg vanskeleg, men så lenge ein har litt bein i nasen, taklar ein som oftast det meste. Det har ikkje alltid vore like enkelt for meg å ha denne haldninga. Men eg har lært at så lenge ein svarar for seg eller er den første som seier noko morosamt om noko folk mobbar deg for, så blir det plutseleg ikkje så gøy lenger.
Då viser du at uansett kva dei slenger etter deg, så aksepterer du deg sjølv nok til at deira meining ikkje betyr noko. Fordi du har lært å akseptera og elska deg sjølv. Og det er først då ein kan elska andre.
«Kvifor kan du ikkje berre vera som alle andre?!» Då eg svarte blei det plutseleg stille.
Iben Storli Øvstetun
Vil alltid ha kvarandre
Det viktigaste er ikkje å vinna krigen, men å etterlata seg eit merke. Det er difor eg jobbar så hardt for det skeive miljøet i heimbygda mi. Det har eg gjort ved å fronta det skeive miljøet i media og i sosiale samanhengar, slik at dei som er yngre enn meg, skal forstå at ein ikkje ska vera redd for å konfrontera normen.
For å sitera ein vis mann, og ei legendarisk dragqueen, RUPAUL: «Me som er skeive, me er så heldige at me kan velja familien vår.»
For viss ikkje den me kjem frå, aksepterer oss, vil me alltid ha kvarandre.
- Innlegget vart først publisert på Aftenposten, men er gjengitt etter avtale med forfattar.