Årdal: – Eg er generelt skeptisk til vertskommunemodellen. Den fører til at kommunestyret gir frå seg ansvaret for - i dette tilfellet - barnevernstenesta og at kommunane som ikkje er vertskap blir mindre tett på. Difor meiner eg eit fagleg nettverk kan vera betre her, seier Fossedal.
Kommunestyret i Årdal handsama torsdag saka om moglege samarbeidsmodellar for barnevernet med nabokommunane Aurland og Lærdal. No samarbeider Aurland og Lærdal om dette der førstnemnde er verskommune, medan Årdal har eiga barnevernsteneste.
Les også: – Barnevernsleiar ei viktig stilling å ha i kommunen
Les også: Bekymra for samarbeidet med Årdal
Alle ønskjer samarbeid, spørsmålet er korleis
Rådmann Fossedal påpeikar at han er skeptisk til modellen på generell basis, og at det ikkje handlar om dei to moglege samarbeidskommunane spesielt.
– Vertskommunemodellen treng ikkje gje negative konsekvensar, men eg meiner altså me bør ha eigen barnevernsleiar i Årdal.
Det har vore ønskje om ein form for samarbeid dei tre kommunane i mellom i lang tid, men korleis eit slikt samarbeid skal organiserast har ein ikkje fått landa. Politiktikarane i Årdal var alle einige om at samarbeid ville vera gunstig ettersom barnevern er ei krevjande teneste i små, gjennomsiktige samfunn.
– Det viktigaste er ein fagleg sterk person
Etter at barnevernsleiaren i Årdal slutta i stillinga har det vore vanskeleg å finna ein ny leiar for tenesta. Første gongs utlysing resulterte ikkje i søkjarar i det heile, i andre runde fekk kommunen ein søkjar.
– Det viktigaste meiner eg er å få ein fagleg sterk person i denne stillinga. Og det har vore rimeleg tynt med søkjarar. Mitt primære ønskje er å ha barnevernsleiar her på huset. Me utreier breitt vidare med dei andre kommunane, og sjekkar opp i moglegheita for eit fagleg nettverk, opplyste Fossedal til kommunestyret.
Barnevernstenesta i Årdal består av fire stillingar. Til saman i dei tre kommunane jobbar ti innanfor barnevern.
– Kor stor er sjansen for at de finn rett person til stillinga som barnevernsleiar, Fossedal?
– Eg er optimist av legning. Å driva denne tenesta utan ein fagleg sterk person er neærast utenkjeleg. Dette er eit krevjande saksfelt.
Kommunestyret vedtok samrøystes innstillinga frå Formannskapet: "Rådmannen får fullmakt til å drøfte alternative modellar for organisering av barnevernet med sikte på å få til eit utvida samarbeid med nabokommunane."