NYE EIGARAR: Ei investorgruppe har tatt over Vatnahalsen høgfjellshotell etter 35 i drift av familien Aksnes. Jannet Aksnes held fram som dagleg leiar. Her er ho i ferd med å teikne planane som ta destinasjonen endå eit steg lengre innanfor reiselivet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NYE EIGARAR: Ei investorgruppe har tatt over Vatnahalsen høgfjellshotell etter 35 i drift av familien Aksnes. Jannet Aksnes held fram som dagleg leiar. Her er ho i ferd med å teikne planane som ta destinasjonen endå eit steg lengre innanfor reiselivet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ski, vafler og utsikt skal ta Vatnahalsen eit steg lengre​

Vatnahalsen Høgfjellshotell har fått nye eigarar som vil gjere destinasjonen til Noregs største grønne cruise-vaffelstasjon.

Flåm: Entusiastisk fortel dagleg leiar Jannet Aksnes om planane som dei satsar på å realisere før sesongstart i 2018. 

Medan praten går teiknar ho opp på eit ark korleis dei ser føre seg å ta Vatnahalsen endå eit steg lengre. Med seg på laget har ho fått ei gruppe investorar frå Oslo, der Trond Andresen er styreleiar. Han er far til Petter Andresen som driv Frigard i Lærdal.

– Me meiner Vatnahalsen har eit stort potensiale til å bli eit fyrtårn innan berekraftig, opplevingsbasert reiseliv. Som nye eigarar er me villig til å investere det som er naudsynt for å nå målet, seier den nye styreleiaren.

– Vil ta vinteren tilbake

Ski, utsikt og vafler er ingrediensane som dei meiner skal til for å ta høgfjellshotellet endå eit steg lengre. Oppgraderinga av hotellet er allereie i gang, men framleis skal 50-talsstilen utan TV på rommet bevarast.

Artikkelen held fram under biletet.

SKI OG TOG: På toppen av Flåmsbana kan du spenne på deg skia, gå opp til første topp og få tusen høgdemeter nedfart. Vel nede er det berre å vente på neste tog som tek deg opp att.
SKI OG TOG: På toppen av Flåmsbana kan du spenne på deg skia, gå opp til første topp og få tusen høgdemeter nedfart. Vel nede er det berre å vente på neste tog som tek deg opp att.

Dei har også fått på plass ein liten skibakke med heis som opnar seinare i januar. Dette er første gongen på 20 år at Vatnahalsen har eige skitrekk. Med fjell på alle kantar, er målet å gjere dette til ein ynda skidestinasjon, slik det ein gong hadde status som.

– Me vil ta vinteren tilbake. Vatnahalsen var i tidlegare tider ein arena for vinterturisme. Men den nye interessa for toppturar og randoné-aktivitetar har Vatnahalsen eit unikt potensiale som skieldorado, seier son til styreleiaren, Petter Andresen, som er tilsett i 50 prosent stilling med ansvar for utvikling og marknad.

Satsar på utsikt og vafler

Minst like spennande er planane dei har for stasjonsområdet og den enorme utsikta som møter besøkande når dei stig ut av toget.

Artikkelen held fram under biletet.

IDEEN: Aksnes teikna og synte korleis det ser føre seg å gjere det endå meir spennande å besøke Vatnahalsen, der turistar går av toget, under jernbana, ser på utsikten og kjem tilbake for vafler og kaffi.
IDEEN: Aksnes teikna og synte korleis det ser føre seg å gjere det endå meir spennande å besøke Vatnahalsen, der turistar går av toget, under jernbana, ser på utsikten og kjem tilbake for vafler og kaffi.

– Myrdal stasjon tar imot 500 000 menneske, men der er det ingenting. Det er her det skjer. Dei som kjem i dag, et ein vaffel og drikk kaffi før dei reiser vidare. Me vil gjere noko av det same, forklarar Aksnes.

Ho teiknar ein undergang under togskinnene og tre prikkar som er utkikkspunkt. Mellom desse punkta skal det byggjast hengebruer, slik at det blir ein utkikkspromenade. På stasjonssida skal det byggjast eit nytt bygg med plass til litt over 523 menneske.

Bygger for cruise

– Kvifor 523? Jo, fordi det er eit fullt tog. Turistane kan då gå inn her, få ei vaffeloppleving etter dei har sett på utsikten. Alt tar ein time før dei reiser vidare med toget, seier ho og fortel at dei bygg noko for cruisetrafikken.

– Dette skal vere Noregs største grøne cruise-vaffelstasjon, smiler ho. 

Artikkelen held fram under biletet.

LYTTA: Ordførar i Aurland, Noralv Distad, fekk høyre om dei store planane.
LYTTA: Ordførar i Aurland, Noralv Distad, fekk høyre om dei store planane.

Ideen er ikkje ny. Difor finst det allereie ein reguleringsplan for desse tankane. Dersom dei kan bruke den eksisterande planen, håpar dei å realisere delar av dette i 2018. 

– Eit potensiale på 150 000 besøkande

I likskap med resten av reiselivet i Aurland, opplevde Vatnahalsen ein enorm auke i 2016. På dei første ni månadane var omsetninga på meir enn 30 prosent samanlikna med året før. Og potensialet er stort, meiner Aksnes.

– Me veit at me har 40 000 her frå før. Det er 25 000 som syklar rallarvegen, og så hadde me 10 000 gjestedøgn i 2016, som er ny rekord. Då er ein oppe i 70-80 000 besøkande allereie. Målet er at 150 000 menneske skal gå av, ete vafler og sjå på utsikten i løpet av eit år. Med 950 000 reisande på Flåmsbana, er ikkje det urealistisk.

Aksnes eig framleis 25 prosent av aksjane i hotellet. Eigentleg hadde ho tenkt å gi seg etter i år. Vatnahalsen har tilhøyrt familien i 35 år, men for dei nye eigarane var det ein føresetnad at ho skulle vere med vidare.

– Det var ikkje ei tenkjeleg løysing. Eg måtte gå nokre rundar og enda opp med at dette var såpass spennande at eg vil vere med vidare. Dessutan har me jo jobba såpass mykje at det hadde vore gøy å vere med den siste biten opp. 

Til toppen