PÅSKEGRILL: Grillinga på Britabu er eit fast haldepunkt for mange sogndøler i påska. I år hadde ekstra mange funne turen til høgfjellet. (Foto: Tom Wergeland)
FAST INNSLAG: Grillkongen Torodd Kvam var som vanleg på plass. (Foto: Tom Wergeland)
CELEBERT: Ordførar Jarle Aarvoll hadde òg funne vegen til høgfjellet denne dagen. (Foto: Tom Wergeland)
STRÅLANDE: Sola har spelt ei av hovudrollene denne påska. Her på veg ned frå Blåfjell til Britabu. (Foto: Tom Wergeland)
ALTERNATIVT: Ikkje alle nytta skia som transportmiddel. (Foto: Tom Wergeland)
STORT TRYKK: Parkeringsplassane i Hodlekve har stort sett vore smekkfulle denne påska. Her er det stille før stormen. (Foto: Tom Wergeland)

Skianlegga melder om fantastisk vêr og rekordbesøk i påska 

– Det er slik at du berre kan fantasera om, seier Kristin Jevnaker Seim, kioskansvarleg i Seimsåsen i Årdal. Òg andre stader har sogningane strøyma til fjells.

Indre Sogn: – Det har vore så mykje folk som eg aldri har sett før. Me har vel steikt bort i førti liter vaffelrøre, seier Kristin Jevnaker Seim.

Ho har brukt heile påska på å stå i kiosken på Aosahytta i Seimsåsen. Då er det god betaling å sjå at folk kosar seg.

 BARNESKIRENN: Mange unge håpefulle hadde funne vegen til langrennssporet då det var duka for påskeskirenn i Seimsåsen skjærtorsdag. Foto: Terje Solheim

– Det er slik at du berre kan fantasera om. Fantastisk vêr og oppslutning, seier Kristin Jevnaker Seim, fortel at påskeskirennet skjærtorsdag var eitt klart høgdepunkt blant mange strålande dagar i påska. 

– Det var ungar i bøttar og spenn. Dei var så krye då dei kom i mål, og fekk prisen sin, ein godtepose, seier ho.

Rekordbesøk på Filefjell

Seimsåsen er berre èin av fleire plassar som i år kan melda om ei draumepåske av dei heilt sjeldne. Vêret har spelt på lag, og folk har strøyma til fjellet og skianlegga dei fleste plassar

– Me hadde rekordbesøk i år, seier Line Svien, ansvarleg for den tradisjonsrike påskelunsjen på Filefjell.

Ho fortel at dei selde rundt 450 lunsjar og ein drøss med pølser. Alt blir gjort på frivillig basis, og inntektene går til løypelaget og aktivitetar på Filefjell. I år gjekk i tillegg ti prosent til barnekreftsaka.

– Det var ein fantastisk dag, både for store og små. Påskelunsjen har vore tradisjon i over tredve år her på Filefjell. Det er gøy å kunna bringa den vidare, og sjå at den er minst like populær, seier Svien, som tok over ansvaret for arrangementet i fjor, saman med aktivitetsansvarleg Yvonne Solheimslid, og serveringsansvarleg Hanne Fjell.

TRANGT OM PLASSEN: Folk har verkeleg visst å utnytta den fantastiske påska me har hatt i år. På Filefjell vart det trangt om plassen under den tradisjonsrike påskelunsjen. Foto: Tyin/Filefjell

Tusenvis valfarta til Hodlekve

PRIMUS MOTOR:Line Svien, ansvarleg for påskelunsjen på Filefjell, her flankert av Elsa og Anna frå den populære Disney-filmen Frost. Foto: Tyin/Filefjell

Også i Hodlekve har folk valfarta til fjells. Dagleg leiar Per Odd Grevsnes i Sogndal skisenter seier det på det meste har vore over 2500 folk i anlegget.

– I går var parkeringsplassen heilt smekk full. Me greidde å få plass til alle bilane, ingen vart sende heim, men det var på bristepunktet, sa han før helga.

Det har nesten vore mykje av det gode. Men berre nesten.

– Det er jækla travelt. Men travelt på ein gøy måte, seier Grevsnes.

Til toppen