INDRE SOGN: No nærmar det seg slutten på sesongen for skiannlegga i regionen.
INDRE SOGN: No nærmar det seg slutten på sesongen for skiannlegga i regionen. (Foto: Håvard Nesbø / Arkiv)

Skiannlegga melder om ei knallpåske – men no går sesongen mot slutten

Nokre trekk er stengde, andre held framleis ope. Men Sogn Skisenter og Sogndal skisenter Hodlekve er samde om at det har vore ei knallpåske.

Indre Sogn: – Me har ope i dag, men no er det såpass knalltøffe vêrforhold at det nærmar seg slutten for sesongen, seier dagleg leiar på Sogn Skisenter i Luster, Runar Henning Tørvi. 

Han fortel at skisenteret alltid har ope til minimum andre påskedag. 

– Me lagar snø sjølv og jobbar på, men det kan naturlegvis bli utfordrande når påska kjem såpass seint som den kom i år, seier Tørvi. 

Likevell satsar dei på å ha ope eit par dagar til. 

– Me har aldri avlsutta sesongen før påska er ferdig, og det vert heller ikkje gjort i år. 

Tørvi fortel at han er han storfornøgd med sesongen og kan melde om god trafikk sidan dei hadde sesongopning midt i desember i fjor. 

Grevsnes: – Ein merkepåske i Hodlekve 

– Måndag er fyrste dagen me har stengd, så no er sesongen over for vår del, seier dagleg leiar i Sogndal Skisenter Hodlekve, Per Odd Grevsnes.

– Då det kom regn natt til i går, var det ikkje mogeleg å halde ope lenger. 

Han fortel at det har vore ei vellukka påske for skisenteret, som har hatt stor trafikk både på dagtid og kveldstid. 

– Dette har vore ei merkepåske for oss, då det er den fyrste påska me har hatt ope det nye servicebygget, Dalalåven i Rindabotn.

DAGLEG LEIAR: Per Odd Grevsnes skildrar påska som ei merkepåske for Sogndal Skisenter Hodlekve. Foto: Halvor Farsund Storvik / Arkiv

Men, byrjinga av sesongen fekk ein utfordrande start grunna lite snø. 

– Me opna barnetrekket i romjula, og resten av annlegget vart opna eit par veker etterpå. 

– Eg kan ikkje hugsa at me har kome så seint i gong med ein sesong før, seier Grevsnes.

Tyin/Filefjell Skisenter melder på si Facebook-side at dei fortsatt har ope måndag. 

Til toppen