I SVEVET: Knut-Hendrik Lajord hoppar frå taket på ei hytte i Hodlekve. Motivet vart i april plukka ut av ESPN-eigde X Games som eitt av dei ti beste ekstremsport-bileta den månaden.
I SVEVET: Knut-Hendrik Lajord hoppar frå taket på ei hytte i Hodlekve. Motivet vart i april plukka ut av ESPN-eigde X Games som eitt av dei ti beste ekstremsport-bileta den månaden. (Vegard Byrkjeland Aasen/verimedia.no)

Skibilete frå Sogndal handplukka av ekstremsportgiganten X Games

For dei fleste ville merksemda vore stadfestinga dei trengde. Men lustringen Vegard Byrkjeland Aasen (26) jaktar framleis på det perfekte blinkskotet.

Sogndal: – Det gir absolutt mykje publisitet. Det gjer godt for fotokarriera, seier Byrkjeland Aasen 

Tidlegare i veka fekk sogningen vita at nettsida til X Games, den største og mest prestisjetunge konkurransen for ekstremsport i verda, hadde rangert biletet hans som eitt av dei ti beste i april.

– Det er kjekt det. Eg hadde sett det som eit lite mål å få det til då eg vart merksam på den konkurransen i januar, seier Byrkjeland Aasen.

Som tydelegvis ikkje har for uvane å ta av i utrengsmål.

Ein plan som har modna lenge

Han kjem frå Solvorn i Luster, men har dei siste åra budd i Sogndal der han har starta opp eit foto- og filmselskap, Verimedia, saman med ein kompis.

– Eg har drive med foto i litt over ti år. Samstidig har eg drive mykje med ski, klatring og friluftsliv dei siste åra. Då har fotograferinga gått i den retninga òg, seier Byrkjeland Aasen.

Biletet som fekk X Games til å sperra opp auga er teke i Hodlekve. Byrkjeland Aasen har køyrt forbi den karakteristiske hytta fleire gonger og tenkt at det må vera mogleg å hoppa frå taket på ski. Heldigvis kjente han eigaren, Bent Johnny Bäckström, som òg tende på idèen.

– Han vart kjempegira, og til slutt var det han som masa på meg om at eg måtte gjera det, seier Byrkjeland Aasen.

Dermed køyrde dei i gang.

– Har til gode å vera heilt nøgd

Dei sette opp eit stillas på taket, for å få nok fart, og bygde hoppet. Ein blitz vart brukt til å lysa opp skikøyraren bakfrå, hodelykter og anna til å lysa opp framsida av hytta. Blinkskotet sat på andre forsøk.

– Ein morsom ting er at Bäckström er ein bra vert, så han fyrte i gang grillen. Tåka du ser på biletet er grillosen som er lyst opp av blitzen. Det var heilt uplanlagt, men ein stilig effekt, seier Byrkjeland Aasen.

Sjølv om han nådde målet om å bli plukka ut av X Games, betyr ikkje det at fotografen er heilt nøgd med resultatet. Mellom anna var planen at skikøyraren skulle ta baklengs salto, men landinga var for hard til at det vart forsvarleg.

– Det er ofte litt slik at me fotografar aldri blir heilt nøgde, eg har i allefall til gode å vera heilt nøgd med eit bilete. Det blir aldri heilt slik du har sett det for deg, seier Byrkjeland Aasen.

Han seier han det hjelper litt å få gode tilbakemeldingar, slik som no. Samtidig blir han gjerne mindre kritisk når det har gått ei stund sidan han trykte på utløysaren.

Men er du først smitta av perfeksjonisme, så blir du ikkje kvitt det så lett.

– Det er fare for at me må prøva igjen neste år, seier han.

Til toppen