Luster: Med lys i bakken og leik for både store og små, fekk ivrige skientusiastar torsdag kveld høve til å testa skia.
Dagleg leiar og scooterheis-sjåfør for kvelden, Runar Tørvi, var særs nøgd med førpremiæra. Han tykte det var artig at så mange kom for å handla sesongkort og leika i bakken.
– Me har gjort ein god del utbedringer på løypenettet og rydda mykje skog. I tillegg har kafeen fått en heilt ny drakt. Det ser verkelig ut som folk trivast og at me går ein god sesong i vente. No ber me berre vêrgudane om meir påfyll av kvitt gull og jobbar på spreng mot sesongstart, seier Tørvi.
Skisenteret ligg i rute til å opna i starten av desember, men det vil koma an på vêr og vind. Det er førebels lite snø i basen, så Tørvi og gjengen produserer snø med snømaskin.

Skibyttedag
Skibyttedagen blir arrangert før sesongstart kvart år, der folk kan kjøpa og selja brukt utstyr, og sikra seg det sesongkort og ha det kjekt med andre skikøyrarar.
Arrangørane har ikkje spesifikt tal på kor mange som deltok, men det var stinn brakke og rekordhøgt besøkstal.
– Det er fint at både alpingruppa og skisenteret er med å tenkja gjenbruk og berekraft tykkjer eg, seier Marius Drægni, som gjorde eit kupp på ny brukt hjelm til dottera si.