Skiftande somrar uavhengig av drivhuseffekten

​Mens den globale oppvarminga gradvis kjem til å gi oss varmare somrar, er det andre ting som avgjer sommarvêret meir direkte, viser ein ny britisk studie. Sjå flott bileteserie!

  • Endret

Det er dei skiftande stormbanane i Atlanterhavet sommarstid som avgjer om somrane blir varme og solrike eller kjølige og våte i ulike delar av Europa, viser studien, som er gjort ved Swansea University i Wales.

Vêrdata frå heile Europa gjennom dei siste tusen åra tyder på at nordlege sommarstormar gir vått og kjølig vêr i Nord-Europa og sol og varme i Sør-Europa, men motsett med ein sørleg stormbane – varmt i nord og grått i sør. Og desse interne klimaprosessane skjer uavhengig av eksterne klimafaktorar som drivhusgassar, solstråling og vulkanutbrot.

Fryktar at folk ikkje bryr seg om klimaendringane

– Temperaturane kan komme til å auke på ein føreseieleg måte, men no og da kan klimasystemet i denne delen av verda slå yatzy og gi svært kjølige og våte somrar eller svært varme og tørre somrar. Det er ingen føreseielege element i dette i det heile, seier prosjektleiar Mary Gagen ved Swansea-universitetet til  BBC.

Forskarane fryktar at det dette kan føre til at folk ikkje bryr seg om klimaendringane, ettersom dei ikkje føler dei på kroppen.

– Kjem det tre eller fire varme somrar på rad, så vil folk oppfatte den globale oppvarminga som reell, men med tre eller fire våte somrar på rad oppfattar ikkje folk at det blir varmare, sjølv om gjennomsnittstemperaturen stadig går opp, seier forskarkollega Danny McCarroll.

Studien er publisert i tidsskriftet Nature Geoscience

Til toppen