- Artikkelen er først publisert i Årdal før og no, ei medlemsavis hjå Årdal Sogelag. Teksten er publisert på Porten.no etter avtale med styret i Årdal Sogelag.
Årdal: I 1950-åra hadde Jotun ei rekke flinke skihopparar og langrennsløparar. Hopparane hadde gode treningstilhøve med to hoppbakkar i Fardalen. Dei låg på kvar si side av dalen, straks etter at ein hadde pasert Haug og dalen flata ut.

På austsida låg «Vetlebakken» der ein kunne hoppa om lag 30 meter. På den andre sida av dalen, på vestsida, låg «Brendhaugbakken». Her var den offisielle bakkerekorden på 58 meter, men det vert fortalt at under trening hadde ein hoppa over 60 meter. Bakkerekorden er det Kjell Gurer som har.
Ser ein godt etter kan ein framleis sjå restar etter Brendhaugbakken. For å kunne nytte bakken og unnarennet, måtte ein krysse elva.
Enkelte år var det dårelege snøtilhøve og elva fraus ikkje til. Ved eitt høve då det skulle skipast til meisterskap, måtte det strekkjast ut nett over elva som det vart lag tremateriale på, og så køyrde ein til snø og la oppå. I området ved Brendhaugbakken vart det seinare laga til slalåmbakke som var i bruk nokre år.

Biletet av karane øverst er teke i 1950 i Høyanger i samband med ei hoppsamling der. Nokre av dei som vi ser her var kanskje like godt kjende for andre greiner innan idretten enn nett for skihopping.
Om Torodd Sterri vart det fortalt at han forsvann i tåka det året han deltok i Holmenkollrennet. Tormod Holsæter var kjend som stilhopparen framfor alle. Trenaren på samlinga, Jansgård, hadde ei fortid som lærar på yrkesskulen i Kinsedalen, der mange ungdommar frå Årdal fekk si første yrkesutdanning straks etter krigen. Jansgård var også ein dyktig stupar og synte elevane kunstene sine frå den høge kaia som var bygd for utskiping av stein. Mellom dei som tok etter var Olav Torleif Haug, som vart kjend for sine fryktlause stup, trass i at han ikkje kunne symje!