Til alle tider har folk måtta forholda seg til døden. Livskvelden kunne koma naturleg, etter eit langt liv eller brått, ved ulukke eller alvorleg sjukdom i ung alder. Mange skikkar knyter seg til denne tunge høgtida.

FØR I TIDA
Skikkar omkring død og gravferd for 80 år sidan
Vart ein sjuk og kom til sengs, vart ein som oftast liggande. Anten vart ein «fresk att ao se sjål» som dei sa, eller så strauk ein med.