SKARP I KANTANE: Honda har gjeve den nye Civic-modellen ein langt meir utfordrande utsjånad enn den 'glattare» versjonen han erstattar. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema.
SKARP I KANTANE: Honda har gjeve den nye Civic-modellen ein langt meir utfordrande utsjånad enn den 'glattare» versjonen han erstattar. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema.

Skil seg ut

Honda Civic byr på eit interessant alternativ, men det er svært mange om beinet her i kompaktklassen. Og dei fleste vel uansett den du veit.

Det kjennest som Honda Civic alltid har vore her. No er han klar i den tiande generasjonen sin. Den første kom i 1972, to år før Volkswagen Golf. Gjennom åra har Civic ofte sett litt spesiell ut samanlikna med dei andre bilane i kompaktklassen. Dette har dei teke vare på med den nyaste versjonen.

Utgåva han erstattar var glatt i forma, den nye bryt opp dette med ein front der linjene er langt meir synlege og markerte. Modellen har også vakse med rundt 15 centimeter, mens takhøgda har falle nokre centimeter.

Artikkelen held fram under biletet.

MIDDELS: Dei tekniske løysingane i kupeen kunne vore betre. Funksjonane på skjermen og i den store klokka i midten bak rattet er plundrete å finna fram i.
MIDDELS: Dei tekniske løysingane i kupeen kunne vore betre. Funksjonane på skjermen og i den store klokka i midten bak rattet er plundrete å finna fram i.

Civic er ein bil som skil seg ut frå mengda av andre kompaktbilar. Han har rett og slett karakter, sjølv om det er vanskeleg å seia at han er spesielt fin.

Forbetringspotensial

Også innvendig har han fått ein ny utsjånad, med eit dashbord som sikkert er meint å vera moderne, med ei digital vising som er delt i tre ulike «rom». Det er for så vidt greitt, men måten det visuelle er løyst på minner litt vel mykje om designen til ein bilstereo frå 90-talet. Heller ikkje berøringsskjermen synest å ha følgt heilt med i timen. Han er liten og med litt stussleg grafikk, og det er tidvis vanskeleg å forstå logikken i menyane. Her har Civic eit klart forbetringspotensial. Men når sant skal seiast er ikkje Honda åleine om å missa litt her. Ford Focus er ein annan bil som ikkje har heilt dreisen på denne biten.

Artikkelen held fram under biletet.

MYKJE UTSTYR: Testbilen har Elegance-utstyrspakke som er rikhaldig, med LED-køyrelys, automatisk fjernlyssystem, adaptiv cruise kontroll og det aller meste av tryggingssystem.
MYKJE UTSTYR: Testbilen har Elegance-utstyrspakke som er rikhaldig, med LED-køyrelys, automatisk fjernlyssystem, adaptiv cruise kontroll og det aller meste av tryggingssystem.

Det som er langt lystigare, er den nye motoren til bilen, ei tresylindra sak på smålåtne éin liter. Ved hjelp av ein turbo har ein henta ut fine 129 hestekrefter som leverer ei spretten køyreoppleving. Lyden frå slike små motorar er artig, med den hissige, bassfrie summinga si. I testbilen var han kopla mot ein manuell girkasse som er laga for kjappe skift. Du girer med små handrørsler, som med ein skikkeleg sportskasse. Ei artig, retro-aktig oppleving.

Den vesle motoren bidreg til at det ikkje er så mykje vekt framme, og understellet er veldig fint sett opp, slik at bilen smett gjennom svingar på ein kontrollert og sportsleg måte. Styreeininga er rask og presis, noko som gjer at denne Civicen byr på køyreeigenskapar som få andre bilar i klassen kan matcha.

Ikkje lydtett

Motoren er glad i høge turtal, maks effekt ligg på 5.500 omdreiingar. Eit ganske beskjedent dreiemoment, på 200 newtonmeter, gjer at det trengst litt turtal før det skjer noko. Dermed står det faktiske drivstofforbruket ikkje heilt i stil med det som er oppgjeve. Vi fekk eit snittforbruk på 0,66 liter per mil, noko som ikkje er spesielt imponerande.

Artikkelen held fram under biletet.

NISJE: Verken Honda eller Civic-modellen har noko særleg tak på den norske marknaden. Honda var på 21. plass av merka i fjor, med til saman 1833 personbilar, ifølgje tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken. Civic var på 109. plass blant dei 245 modellane.
NISJE: Verken Honda eller Civic-modellen har noko særleg tak på den norske marknaden. Honda var på 21. plass av merka i fjor, med til saman 1833 personbilar, ifølgje tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken. Civic var på 109. plass blant dei 245 modellane.

På motorveg merkast det at bilen er langt frå lydtett. Det er heilt greitt når det er motorlyden som skjer gjennom, men i litt høgare fart blir det mykje hjulstøy. No skal ein hugsa på at dette er ein ganske rimeleg bil, så det blir feil å venta Jaguar-stille, men det er andre bilar i klassen, til dømes Golf, som er betre her. I det heile tatt er det betre komfort i ein Golf, men Civic byr på ein artigare tur. Så her må ein vega litt fram og tilbake med omsyn til kva ein synest er viktig ved ein kompaktbil.

Bra pakke

Civic er lengre enn dei fleste av konkurrentane sine, noko ein får att for i form av eit stort bagasjerom. Der er det plass til 480 liter, 100 meir enn i ein Golf. Kupeen er også romsleg i lengderetninga, men det skrå taket gjer at ein ikkje skal vera særleg stor for å få ein litt nedtrykt sveis i baksetet.

Artikkelen held fram under biletet.

COUPÉ: Silhuetten til bilen minner om ein coupé. Det gjer at takhøgda i baksetet lir litt.
COUPÉ: Silhuetten til bilen minner om ein coupé. Det gjer at takhøgda i baksetet lir litt.

Testbilen er velutstyrt, med mykje moderne tryggingsteknologi og hjelpemiddel, og kostar 300.000. For å komma opp på same nivå vil ein hos mange av konkurrentane måtte betala for ein del ekstrautstyr, så Civic verkar som ein fornuftig pakke for den prisen. Ein kan også gå for ein meir strippa variant til 250.000 kroner.

Det mykje bra med den nye Civicen, men eit par små kamelar må fortærast om ein skal kalla han svært vellykka. Bilen er morosam å køyra, byr på god, om enn noko låg, plass og skil seg litt ut. Utan at det kjem til å hjelpa bilen mykje. I dette segmentet ser det ut til at folk vel seg ein Volkswagen Golf, uansett.

Til toppen