SOGNDALSDALEN: Skredet gjekk her ved fjellet Togga i Sogndalsdalen. Kart: Google maps
SOGNDALSDALEN: Skredet gjekk her ved fjellet Togga i Sogndalsdalen. Kart: Google maps

Skiløparar utløyste hundre meter breitt snøskred

Ein av dei blei også teken i skredet, men kom seg utatt.

Sogndal: Politiet meldte på twitter rett over klokka 1130 at det hadde gått eit hundre meter breitt snøskred og at ein person vart teken. Vedkomande kom seg ut av skredet på eiga hand, så ingen vart begravde.

Det var to skiløparar som sjølve utløyste det store skredet rundt klokka 1040, og operasjonssentralen opplyser til Porten.no at skredet gjekk på fjellet Togga i Sogndalsdalen. 

Politiet melder vidare at det er stor skredfare i området.

Til toppen