KLAR MED LØYPE: I helga står 15 kilometer med skiløype klar på Tyin inn til Tyinholmen, melder Tyin-Filefjell i ei pressemelding. Foto: Magne Grihamar.
KLAR MED LØYPE: I helga står 15 kilometer med skiløype klar på Tyin inn til Tyinholmen, melder Tyin-Filefjell i ei pressemelding. Foto: Magne Grihamar.

Skiløyper klare på Tyin

I helga kan du spenne på skia og ta deg vinterens første skitur.

Tyin: Fredag melder nemleg Tyin-Filefjell om at dei har 15 kilometer med skiløype klar. Det er høgfjellsvegen mellom Tyin og Eidsbugarden som no er preparert og sikrar sesongstarten.

Med andre ord er det ikkje berre på Beitestølen det er sesongopning i helga. 

Takka vere høgda over havet kan Tyin-Filefjell tilby gode forhold medan andre område framleis har milvêr. Mellom 15 og 40 centimeter nytrakka snø ligg i løypetraseen,

– Det har vore nedbør i form av snø i nokre døgn no, og forholda er brukbare trass ein utfordrande november månad, seier Asgrim Opdal, som køyrer løypemaskina på Tyin.

Artikkelen held fram under biletet.

TESTA: Vidar Eltun måtte sjølvsagt teste skiløypa. Frå venstre ordførar i Vang kommune, Vidar Eltun, David Friis, Dag Christensen og Amanda Myrsell.
TESTA: Vidar Eltun måtte sjølvsagt teste skiløypa. Frå venstre ordførar i Vang kommune, Vidar Eltun, David Friis, Dag Christensen og Amanda Myrsell.

Ordføraren testa

Fredag var også ordførar i Vang kommune, Vidar Eltun, oppe og testa løypa. 

– Det hadde vore fristande å halde fram alle dei 15 kilometerane inn til Tyinholmen i dag, men det får venta til helga, seier ordføraren.

 

Med opning av tidlegløypa er sesongen offisielt i gang.

– Me kjem til å preparere løypa på Tyin jamnleg framover, så no varar sesongen ut mai her, legg Opdal til.

Til toppen