Sogndal: I går var rundt to hundre langrennsløparar, store og små, samla til skimoro i Hodlekve. Det var nemleg dagen for første runde av skicupen og minicupen og opning av skikarusellen i Sogndal.

– No er det full rulle, i dag startar alle aktivitetane vi driv på med utover vintersesongen, seier Tommy Harjo, leiar i langrennsgruppa til Sogndal idrettslag.
Les også: Langrennsgruppa håpar på ny rulleskiløype
Les også: Skirennet redda av dugnad: Her køyrer dei løyper timar før start
Skicupen og minicupen består av seks opne klubbrenn frå januar til mars. Skicupen er for dei over første klasse, minicupen for dei under. Alle som deltek fire gongar eller fleire får premie.
– Det er ganske hektisk her ute. Massevis av ungar og mange som får gå sitt første nokonlunde organiserte renn. Så får dei bolle og saft etterpå, seier Harjo.