HEIT POTET: Planane om pelletsfabrikk i Håbakken har vorte ei heit potet, mellom anna har dette kartet hamna i fokus. No blir det folkemøte om planane i høyringsperioden. Kart: Cubus/Porten
HEIT POTET: Planane om pelletsfabrikk i Håbakken har vorte ei heit potet, mellom anna har dette kartet hamna i fokus. No blir det folkemøte om planane i høyringsperioden. Kart: Cubus/Porten (Foto: Cubus)

Skipar til folkemøte om planane i Håbakken

Reguleringsplanen for Håbakken blir no sendt ut på høyring. I høyringsperioden blir det arrangert folkemøte, kom det fram på formannskapsmøtet onsdag.

Lærdal: – Feila som har ligge inne i kartet og planen blir retta opp før dette blir lagt ut til høyring, sa rådmann Alf Olsen til formannskapet i Lærdal onsdag.

Etter at planane om pelletsfabrikk i Håbakken vart kjend har det kome sterke reaksjonar frå bebuarane i området.

Les også: Håbakken kan få trepelletsfabrikk

Les også: – Kan me bu her i framtida?

Les også: – Naboane skal vera skadelause

– Behov for folkemøte

Prosessen har vorte kritisert, både for at informasjonen i følgje bebuarane har vort mangelfull og kome seint, og fordi kartet over området som eventuelt skal regulerast om til næringsareal har innehalde misvisande opplysningar.

Les også: Kart og terreng på Håbakken

Formannskapet onsdag vedtok samrøystes å senda reguleringsplanen ut på høyring.

– I høyringsperioden vil det bli arrangert eit folkemøte, opplyste rådmann Alf Olsen jr.

– Det er bra, det er behov for eit folkemøte i denne saka, sa Annike Vanberg (Sv).

Høyringsperioden er på seks veker og vil såleis vera avslutta i slutten av november. Simas Næring AS har signalisert at dei treng avklaring i høve reguleringsplanen før årsslutt, så truleg vil denne koma opp for endeleg vedtak i kommunestyret i desember. 

 

 

Til toppen