I full fart ut frå start. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
I full fart ut frå start. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Skirenn i knallvêr

Påskeskirennet på påskeaftan vart gjennomført i strålande påskesol.

Gjennom heile påskeveka vert det arrangert fleire skirenn, og Porten.no tok turen til Sletterust og Damvoktaren for å lodde stemninga under årets påskeskirenn. 

Mange deltakarar

Sletterust er eit attraktivt område for hytteeigarar, og det er mange tilreisande som deltek på det årlege påskeskirennet i regi av Indre Sogn Sparebank.  Førebuingane og arbeidet på sjølve dagen vert utført av friviljuge eldsjeler som gjerne har vore med mange år på rad.

Deltakinga i år var større enn året før, og mykje kan nok takkast vêret. Totalt 117 skiglade born var påmeldt, der 45 av dei var born mellom 0 og 6 år. Alle deltakarar fekk, i tradisjonen tru, diplom med bilete av seg sjølv på og ein pose med godteri. 

Artikkelen held fram under biletet.

Borna vert heia fram mot målstreken.
Borna vert heia fram mot målstreken.

Stort engasjement

Portrettfoto Odd Vee.
Eldsjelen Odd Vee har vore med i 43 år - samanhengande!
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Felles for alle aldrar var konkurranseinstinktet. Medan dei eldre borna var sjølvgåande, vart dei minste heia fram av både familie og eldsjelen Odd Vee.

Han har delteke med friviljug arbeid under påskeskirennet kvart år i no 43 år. Når borna er på veg attende, tek han seg tid til å sjå på startnummera og namna til borna for å kunne motivera dei heilt fram til målstreken.  - Det er viktig å heia fram dei små, seier han. 

Påskevêr

Det var rundt 6 minusgrader og ein liten bris, men sola på den blå himmelen varma godt anten ein var i skisporet eller sat i solveggen. 

Vêrmeldinga fekk heilt rett denne dagen, og gav alle oppmøtte ved Damvoktaren ei flott oppleving denne påskeaftan.

Prest Stein A. Larsson held andakt på påskeaftan.
Prest Stig Arne Larsson held andakt før påskeskirennet byrjar.
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
Til toppen