Foto: Norsk Folkehjelp Sanitet Årdal.
Foto: Norsk Folkehjelp Sanitet Årdal.

Skirenn og snøscootertur på Tyinosen

På påskeaftan inviterte Norsk Folkehjelp Sanitet Årdal til skirenn og snøscootertur ved hytta Jotnavåken på Tyinosen.  

Mange tok turen til det tradisjonelle skirennet på Tyinosen der 46 personar melde seg på i år. Med sol og nesten vindstille vêr vart det god stemning og dei oppmøtte gav tilbakemeldingar om at dette er eit flott tiltak. 

Artikkelen held fram under biletet.

Mange samla seg rundt hytta Jotnavåken på Tyinosen på påskeaftan.
Mange samla seg rundt hytta Jotnavåken på Tyinosen på påskeaftan.

Populær attraksjon

Då skirennet var ferdig og alle skigåarane hadde fått premie for deltakinga, var tida inne for å køyra ein tur med snøscooter. Dei fleste born samla seg rundt snøscootarane for å få plass i sleden. – Alle som ynskja det fekk seg ein køyretur i området rundt hytta, seier Kjell Arne Solheim, leiar i Norsk Folkehjelp Sanitet Årdal. 

Artikkelen held fram under biletet.

Ein køyretur der borna får sitja på i snøscootersleden er eit populært innslag på påskeaftan.
Ein køyretur der borna får sitja på i snøscootersleden er eit populært innslag på påskeaftan.

Auka medlemsmassen

– I tillegg til skirenn og snøscooterkøyring fekk me verva 15 nye medlemar denne laurdagen, fortel Solheim. Han legg til at han tykkjer det er veldig kjekt at folk støttar opp om arbeidet Norsk Folkehjelp Sanitet Årdal gjer.

Til toppen