Sogndal: – Folk er flinke til å stille opp, sjølv om det er kort varsel. Det er me heilt avhengige av, utan dugnadsfolket hadde det blir avlyst for lenge sidan, seier Atle Eikevik i langrenssgruppa til Sogndal idrettslag.
Han var sjølv ute med trakkemaskina for å køyre løper eit par timar før rennet som startar halv sju i kveld. Eigentleg skulle det ha vore arrangert på Langeland i Førde, men der har snøen uteblitt.
Difor vart det for tre dagar sidan bestemt å flytte konkurransen til Sogndal.
Førde er fortsatt hovudarrangør og har ansvar for å avvikle rennet, medan langrennsgruppa til Sogndal har ansvar for at løyper og stadion er på stell.
– Det er veldig fine forhold, så det skal bli bra, lovar Eikevik.