FINT I TREKKET: Store og små kosar seg i skibakkane. Her er Sigurd Felde og dottera Herdis på veg opp trekket i Sogndal skisenter tidlegare i dag. Foto: Sogndal skisenter. 
FINT I TREKKET: Store og små kosar seg i skibakkane. Her er Sigurd Felde og dottera Herdis på veg opp trekket i Sogndal skisenter tidlegare i dag. Foto: Sogndal skisenter. 

Skisentera melder om strålande forhold i bakken

Etter ein heller røff start kan sogningane endeleg kose seg på ski i romjula.

Sogndal: Alpinanlegga i både Luster og Sogndal melder om topp skiføre, dagen etter at ekstremvêret «Urd» bles forbi oss.

– I dag har vi hatt masse folk og kjempeforhold. Det er litt mjukt under, men nok nysnø på toppen til å ha det artig, seier Per-Odd Grevsnes, dagleg leiar for skisenteret i Sogndal.

Kollegaen på Heggmyrane er like oppglødd.

– Heile bakken er open og vi har veldig bra forhold: masse snø, fin bakke og folk kosar seg. Det er fint vêr, to kuldegrader og perfekt, seier Runar Tørvi i Sogn skisenter.

Les også: Skal du til Norges nye skidestinasjon, må du ta Flåmsbana
Les også: Endeleg kunne dei opne – no ønskjer skifolket seg snø til jul

Vinden tok snøen

Medan Sogn skisenter har hatt ope sidan før jul, var det i Sogndal sesongopning i går.

– Det var ganske rufsete, men heilt greit å vere i barnetrekket, seier Grevsnes.

I dag har dei berre ope i gamletrekket, medan heisen i Rindabotn etter planen får debuten i morgon. Sjølv om det har kome mykje snø, tok dei kraftige vindane frå i går med seg mesteparten nedover i dalen. 

– Me skal jobbe i heile kveld for å få Rindabotn klar og skal lage ein smal trasè forbi dei vindblåste områda, seier han.

Nypreppa løyper

Begge skisentera har òg opna langrennsløypene. 

–  Vi har fem kilometer løyper som er flotte og fine å bruke. Dei kjem til å vere nypreparerte til klokka ti i heile jula, seier Grevsnes.

Også skiglade lærdøler og årdøler bør ha gode dagar i jula. Skisenteret på Filefjell har ope kvar dag til skulen startar att og har fått rikeleg med snø dei siste dagane.

Til toppen