PUDDER: Hodlekve er kjent som eit pudderparadis, men i fjor måtte dei vente lovleg lenge på snøen. No gjer skisenteret grep for å hindre at sesongstarten dreg ut. Foto: Karl-Kristian Muggerud.
PUDDER: Hodlekve er kjent som eit pudderparadis, men i fjor måtte dei vente lovleg lenge på snøen. No gjer skisenteret grep for å hindre at sesongstarten dreg ut. Foto: Karl-Kristian Muggerud.

Skisenteret gjer grep for å verte enno meir snøsikkert

Brukar 7,5 millionar kroner på hovudtraseane. – Til neste sesongstart vil vi ha fått utbetra bakkane våre voldsomt, lover den daglege leiaren.

Sogndal: Torsdag sa politikarane i Sogndal ja til eit lån på 2,5 millionar kroner som forskottering på tippemidlar. Med det er finansieringa til utbetringane på plass.

– Vidareutvikling av Hodlekve er eit høgt prioritert satsingsområde i kommunen og forskottering av tippemidlar er eitt av dei store verkemidla vi har for å sikre vidare framdrift i slike planar, sa Eline Orheim (Ap) då saka var oppe til debatt i kommunestyremøtet.

Sogndalsdalen er kjent for sine snøsikre vintrar, men fjoråret vart eit lite varsku for skisenteret. Då var det ikkje opning av trekket før 2. juledag.

– Slik kan vi ikkje ha det, konstanterer Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i Sogndal skisenter.

Han seier klimaprognosane viser at eit slikt scenario kan bli stadig vanlegare i framtida.

STADIG UTVIKLING: Per Odd Grevsnes og skisenteret lover at barnetrekket står klart til årets sesong, medan utbetringane av bakkane først blir ferdige til sesongstart neste år.
STADIG UTVIKLING: Per Odd Grevsnes og skisenteret lover at barnetrekket står klart til årets sesong, medan utbetringane av bakkane først blir ferdige til sesongstart neste år. Foto: Halvor Farsund Storvik

Kunstsnø treng plant terreng

Difor ønskjer skisenteret å gjere grep for at anlegget skal bli meir snøsikkert. På nedfarten i Rindabotn går det med 3 millionar i utbetringar, 1,5 million går til barnetrekket same plass, medan 3 millionar igjen blir brukt til nedfarten i Kalvavatni.

– Ved å plane ut terrenget vil vi kunne utvide sesongen noko i dei åra det er lite snø. I tillegg er vi eitt av få anlegg i Norge på vår storleik utan kunstsnø. Før vi kan tenke på kunstsnø er det avgjerande at bakkane er plane. No er det mest urer og bergnabbar. Det betyr òg at vi må ha ganske mykje snø før vi kan køyre trakkemaskiner, seier Grevsnes.

Ei anna gladnyheit er at den nye barneheisen vil bli klar i tide til midten av desember. Den vil bli 220 meter og vere slakkare og snillare enn den dei har frå før:

Fleire prosjekt på gang

– Vi har eit ambisiøst styre som ønskjer meir utvikling. Lukkast vi med å utvikle hytteområdet enno meir, så vil det komme fleire heisar etter kvart, seier Grevsnes.

Utbetringane av nedfartane tek litt lenger tid å få unna. Jobben startar allereie no i haust, men skisenteret vil trenge store delar av neste år òg til å komme i mål. 

– Til neste sesongstart vil vi ha fått utbetra bakkane voldsomt i Rindabotn og Kalvavatni, lovar Grevsnes.

Til toppen