GODE TAL: Dagleg leiar Per Odd Grevsnes i Sogndal skisenter kan smila over gode omsetningstal.
GODE TAL: Dagleg leiar Per Odd Grevsnes i Sogndal skisenter kan smila over gode omsetningstal. (Foto: Håvard Nesbø/arkiv)

Skisenteret omsette for 1,5 million i vinterferien: – Rekord

Stadig fleire kroner blir lagt att i skibakkane i Hodlekve. Vinterferien vart eit nytt toppunkt for skisenteret i Sogndal.

Sogndal: Sogndal Skisenter hadde rekordomsetning i vinterferien, mykje takka vera Fjellsportfestivalen og den nye storstova Dalalåven. Inntekene frå salet av heiskort auka med 70 prosent frå same veke i fjor, og var nær det dobbelte av same veke i 2018.

– Totalt hadde skisenteret og aktivitetane i Dalalåven ein omsetnad på 1,5 millionar frå vinterferien starta til både den og festivalen vart avslutta i fantastiske forhold på søndag, seier dagleg leiar Per Odd Grevsnes i Sogndal Skisenter i ei pressemelding.

Inntekter frå parkering og festivalen sin eigen omsetnad kjem i tillegg.

Går mot god sesong

Det er ikkje berre rekordane for vinterferien som ser ut til å ryka. Grevsnes kan melda at det óg kan gå mot ein rekordsesong for heisinntektene. Ved årsskiftet låg dei 750.000 kroner bak rekorden, no er nesten heile forspranget vekke.

– Held me trykket vert det ny rekord, seier Grevsnes.

Skisenteret har vore i ei rivande utvikling dei siste åra, og investert mykje for å løfta anlegget og fasilitetane. Det har óg gjort at det blir lagt att meir pengar i skibakkane.

– Ny hovudtrase til 6 millionar har gjort at me kunne opne mykje tidlegare. Barneheisen og Dalalåven med butikk, kafé og barnerom har gjort oss til eit komplett familieanlegg, seier Grevsnes.

Til toppen