TJUKK SNØ: I Hodlekve har trakkemaskinene allereie byrja å køyra sine første turar.
TJUKK SNØ: I Hodlekve har trakkemaskinene allereie byrja å køyra sine første turar.

Her ser du kvifor skisentersjefen trur på opning av trekket allereie neste helg

Snøen lavar ned både på Hafslo og i Sogndalsdalen. Held det fram går det mot snarleg opning for skitrekka begge plassar. I Årdal blir det meldt om 85 centimeter nysnø i Seimsåsen.

Indre Sogn: – Me er så smått klare til å byrja å opna, men det er ikkje plen under snøen i Hodlekve, så me treng litt til. Me skal bruka helga og dagane som kjem godt, så opnar me til helga igjen, viss det held fram som no, seier Per Odd Grevsnes i Sogndal skisenter.

PREPPA LØYPER: Klassiskspor er køyrt opp i halve langrennsløypa i Hodlekve.
PREPPA LØYPER: Klassiskspor er køyrt opp i halve langrennsløypa i Hodlekve. Bilde: Sogndal skisenter

Han legg til at prognosen er vêravhengig, så han vil ikkje lova noko. Men det ser lyst ut. Langrennsløypene er òg godt på veg klare. Dei blir preppa til klokka 17.00 på kvardane og 10.00 i helgane. Klassisksporet er på plass i omtrent halve løypa, opplyser Grevsnes.

– Det blir jobba lange dagar for å få anlegget opp og gå såpass tidleg, seier han.

Runar Tørvi i Sogn skisenter på Hafslo stadfester at det lavsnøar òg hos dei.

– Det har kome bra mengder dei siste dagane, mest oppe i trekket, sjølvsagt. No ser det ut til å bli litt kaldt, så då kjem me til å produsera snø i tillegg. Då satsar me på ei rimeleg kjapp opning, på delar av anlegget i allefall, utan at eg vil seia akkurat når det blir, seier han.

Hos dei vil dei ta ei stund før langrennssesongen opnar, då det har samla seg mykje vatn i løypene gjennom hausten.

PS. Sikre kjelder melder at det har landa 85 centimeter snø i Seimsåsen i Årdal.

VINTERLEG: Òg i Sogn skisenter på Hafslo går det med snarleg opning. Blir det minusgrader i neste veke har dei planar om å fyra opp snøkanonene.
VINTERLEG: Òg i Sogn skisenter på Hafslo går det med snarleg opning. Blir det minusgrader i neste veke har dei planar om å fyra opp snøkanonene.
Til toppen