SIKKERHEIT FØRST: Lie oppmodar andre som også vil sjekke ut grotta til å passe på sikkerheita, dersom ein ikkje allereie har mykje kunnskap om isbre og grotter.
SIKKERHEIT FØRST: Lie oppmodar andre som også vil sjekke ut grotta til å passe på sikkerheita, dersom ein ikkje allereie har mykje kunnskap om isbre og grotter. (Foto: Tore F. Lie)

VEKAS FOTO

Skitur til Blåisgrotta i Nigardsbreen

Sjølv om Tore F. Lie har brukt enormt mykje tid på filming av isbrear det siste året, bruker han gjerne fritida på å utforske Nigardsbreen.

Luster: Tore F. Lie jobbar i filmproduksjonsselskapet Falkeblikk og har det siste året brukt mykje tid på filming av isbrear, då dei har laga ein panoramafilm for Norsk Bremuseum.

– I eitt år, frå hausten 2018 til 2019, har me brukt enormt masse tid på filming av isbrear, seier Tore F. Lie 

Likevel bruker han med glede fritida si på å utforske Nigardsbreen. Fyrste veka i mars reiste han og kjærasten innover Nigardsbreen for å sjekke ut grotta som vert kalla for «Blåisgrotta». Etter om lag to timar oppover på langrennski, kom dei fram.

Breen trekkjer seg tilbake

– Grotta bruker å dukke opp kvart år, men størleiken pleier å variere. I år var den ikkje så altfor stor, samanlikna med kva eg har sett tidlegare år, seier Lie. 

Han trur det kan ha samanheng med at breen trekkjer seg tilbake, og at det vert lenger å gå til grotta for kvart år. 

Sjølv om Blåisgrotta i år ikkje var like stor som tidlegare, fekk Lie knipsa nokre spesielle bilde i den. Med litt hjelp frå kjærasten, då. Oppsett og instillingar på kameraet hadde han gjort sjølv. 

– Ho fekk lov til å trykke på knappen, seier han og ler. 

Lie oppmodar andre som også vil sjekke ut grotta til å passe på eiga sikkerheit, dersom ein ikkje allereie har mykje kunnskap om isbre og grotter. 

– Ei isgrotte vil jo før eller sidan falle saman, så eg vil anbefale å sjekke ut guida turar dit med lokale guidefirma, i staden for å reise aleine. 

Til toppen