TRAGISK UTFALL: Turen til Botnanosi enda tragisk for den uheldige skikøyraren.
TRAGISK UTFALL: Turen til Botnanosi enda tragisk for den uheldige skikøyraren. (Foto: Arkiv)

Skiulukka i Hurrungane fekk dødeleg utfall

Eit turfølge på fire vart vitne til at skikøyraren fall ned ei 500 meter høg skrent.

Årdal/Luster: Onsdag måtte ein skiløpar hentast i helikopter etter å ha falle omlag 500 meter ned ei skrent i Hurrungane. Laurdag melder NRK at personen døde av skadane han fekk.

Politiet i Sogn mistenkjer ikkje noko kriminelt, men vil likevel etterforska ulukka.

– Me har snakka med dei som såg dette. Når det er ei ulukke så er det ingen som kan haldast ansvarlege. Men me prøver så godt me kan å finna ut kva som har skjedd, seier regionlensmann Inger Lill Lanes til NRK.

Ulukka skjedde på Lauvnostinden, ein toppen på grensa mellom Årdal og Luster. Ifølgje politiet var personen medviten då han vart henta ut.

Mannen var åleine, men eit anna turfølge på fire personar vart vitne til ulukka, og melde frå til politiet.

Til toppen