Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Skiulykke i Hurrungane: Helikopter henta opp person frå 500 meter lang skrent

Klokka 14:42 fekk Vest politidistrikt melding om ei skiulukke.

Luster/ Årdal: Ulukka har skjedd på Lauvnostinden i fjellområdet Hurrungane i Jotunheimen som grensar til Årdal og Luster kommune. 

Ein person har falt nedover ein skrent men er bevisst. Redningsaksjoner i iverksett, melder politiet.

– Han har nettopp blitt løfta opp av redningshelikopter. Han er bevisst, men me kan ikkje sei noko meir om tilstanden, seier Per Algrøy operasjonsleiar ved Vest politidistrikt til Porten.no klokka 16:00. 

Kort etter melder politiet på twitter at vedkomande framleis er bevisst, og er på veg til Haukeland i helikopter. 

Algrøy seier at turfølget har opplyst at det var veldig langt ned. Redningshelikopter måtte hente opp personen grunna det var vanskeleg framkome på staden.

I ein twittermelding klokka 16:16 melder Vest politidistrikt at dei anslår skrenten til å vera omlag 500 meter lang. 

Dei fire personane i turfølget er fysisk uskadde, og får støtte frå politiet. 

I twittermelding klokka 15:53, melder politiet at redningshelikopter er på staden og at politiet er i kontakt med andre personar i turfølget. 

Porten.no oppdaterer saka. 

Til toppen