SVARAR: Regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, svarar professor Stein Østre sin kritikk av Kommune-NM. Foto: NHO Sogn og Fjordane. 
SVARAR: Regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, svarar professor Stein Østre sin kritikk av Kommune-NM. Foto: NHO Sogn og Fjordane. 

MEININGAR

Skivebom frå professor Stein Østre

«Det kan verke som om Østre trur at NHO har konstruert Kommune-NM for å møte den siste tidas debatt om kommunereform.»

KOMMENTAR: Den 5. august publiserte Porten.no eit innlegg om NHO sitt Kommune-NM. Ikkje overraskande er innlegget ført i pennen av tidlegare rådmann i Folldal og no professor ved Høgskolen i Hedmark, Stein Østre. Med omgrep som juks og propaganda skyt han langt over mål.

Det kan verke som om Østre trur at NHO har konstruert Kommune-NM for å møte den siste tidas debatt om kommunereform. Men vi har vurdert norske kommunar ut frå rammevilkåra for næringslivet i mange år, og NHO sitt Kommune-NM har faktisk gått over seks år.

Det er difor totalt skivebom når han meiner at vi har betalt Vista Analyse for "å velge ut data som er egnet til å begrunne behovet for drastiske endringer i kommuneinndelingen til NHOs fordel".

Østre hevdar også at mindre kommunar ikkje utgjer ein interessant marknad for NHO sine servicebedrifter, utan at vi veit korleis han har kome fram til denne merkverdige konklusjonen. Tvert om viser NHO sitt Kommune-NM at mange små kommunar, ikkje minst i Sogn og Fjordane, klarer å skape verdiar og vekstkraft gjennom utnytting av eit godt næringsgrunnlag. Sjå berre på Aurland (reiseliv) og Årdal (industriutvikling).

Det vi har gjort er å velje ut offisiell statistikk på dei områda vi meiner er viktigast som indikatorar på næringslivet sine kår i kommunane. Og vi er heilt opne på kva dette er. Vi ser på 21 ulike faktorar under fem hovudområde: arbeidsmarknad, demografi, kommuneøkonomi, kompetanse og næringsliv.

Vi er like opne på kva dette ikkje er. Vi ser m.a. ikkje på nivå eller brukartilfredsheit av kommunale tenester som sosialvesen eller helse, slik Østre etterspør i sitt lesarinnlegg. Den typen kåring blir nemleg gjort av fleire andre organisasjonar og institusjonar.

Som med alle typar rapportar og undersøkingar, kan datautval og anna diskuterast. Vi har også gjort mindre justeringar i perioden vi har hatt Kommune-NM, når vi har sett at ting ikkje har fungert. Til dømes spør Østre om kvifor parameter som bustadmarknad og samferdsle ikkje er med. Det er absolutt relevante spørsmål, og noko vi vil vurdere å ta inn til neste år.

Men til sjuande og sist lagar vi altså NHO sitt Kommune-NM fordi vi meiner det gjev oss alle betre innsikt. Dei 21 utvalde indikatorane er viktige premiss for verdiskaping, privat sysselsetjing og utvikling av bu- og arbeidsmarknadsregionane våre. NHO sitt Kommune-NM er såleis meint å vere til inspirasjon, og ein indikasjon på kva grep som må takast. Men NHO sitt Kommune-NM er på ingen måte uttømmande for alle eventualitetar  som kan påverke samfunns- og kommunestrukturen. Det har vi heller ikkje hatt som utgangspunkt.

Jan Atle Stang
Regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Til toppen